Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Blir du varsla?

Oppretta: 12.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Fitjar kommune vil varsla deg ved tilhøve det er viktig at du som innbyggjar kjenner til. Systemet vil i tillegg bli nytta i krise- og beredskapssituasjonar, dersom du må evakuerast eller treng tidskritisk informasjon frå kommunen.

Situasjonar kor du kan bli varsla er til dømes reingjering av vassnettet, brot i vassforsyninga, kokepåbod eller stengte vegar.

For at du skal bli varsla må du vera registert i Opplysningen 1881 som innbyggjar i Fitjar kommune. Dersom du har telefon registrert hjå arbeidsgjevar, hemmeleg nummer eller nyleg har flytta til kommunen, kan du sjå om du er registrert ved å gå til varslemeg.no.

Dersom du ikkje er registrert, kan du førast opp i kommunen sitt tilleggsregister. Dette gjer du sjølv via varslemeg.no.

Varslingstenesta fungerer ved at varsel blir sendt per telefon til personar og verksemder som er registrert på aktuell adresse, til dømes dei som bur i ein veg kor vatnet blir stengt av.

Varselet blir sendt som tekstmelding (SMS) til dei mobiltelefonane som står registrert på dei aktuelle adressene - eller som talemelding til fasttelefonar.

For verksemder

Har verksemda behov for varsling direkte til kontaktpersonar utover sentralbord/hovudnummer, kan desse registrerast i tilleggsregisteret. Dette gjeld særskilt abonnentar som er sårbare for endringar i vasskvalitet eller vassmengde, slik som:

  • Hotell/restaurantar
  • Legekontor
  • Renseri/vaskeri/bilvask
  • Frisørar
  • Landbruk/jordbruk

Verksemda avgjer sjølv kven som skal vera kontaktpersonar, og kan sjølv føra desse inn i tilleggsregisteret via varslemeg.no.

 

Nærare om registrering i tilleggsregisteret

Når ein melding skal sendast ut, kartlegg varslingssystemet kva adresser som er berørt. Så blir det sendt ut automatisk telefonvarsling til alle telefonnummer som er registrert på adressane. I tillegg til nummer frå Opplysningen 1881, vil systemet hente ut mobilnumre som er registrert i tilleggsregisteret.

Det er kun nummer som ikkje er oppført i Opplysningen1881 som skal registrerast i tilleggsregisteret.

Innregistrering i tilleggsregisteret blir registrert av verksemda/personen sjølv. Informasjonen kan når som helst endrast/oppdaterast. Opplysningane blir behandla konfidensielt og blir kun brukt av kommunen og kommunens leverandør.

Registrering i tilleggsregisteret blir gjort via varslemeg.no.

Tenesta kostar kr 1,00 for registrering. Seinare endringar eller oppdateringar er gratis.

Du kan enkelt slette opplysninga i tilleggsregisteret ved å senda SMS «VARSLE STOPP» til 2258.

Kontakt oss