Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Betre resultat enn venta

Oppretta: 03.04.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Fitjar kommune fekk eit monaleg betre resultat enn budsjettert. Etter netto overføringar oppnådde kommunen eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 5 mill. kroner.

 

Trass i svikt i skatteinngangen samanlikna med budsjett, oppnådde kommunen eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 5 mill. kroner, mot eit budsjettert overskot på 2,4 mill. kroner.

 

Refusjonar for sjukefråvær på 0,5 mill. kroner, korrigering premieavvik for pensjon frå tidlegare år på over ein halv million og lågare kostnadar til lønsoppgjer enn venta utgjorde mykje av mindreforbruket. I tillegg har drifts- og vedlikehaldsavdelinga ikkje hatt kapasitet til å nytta løyvde midlar. Dette utgjorde eit mindreforbruk på 0,5 mill. kroner.

 

Helse- og sosialavdelingane hadde eit samla mindreforbruk på 2,2 mill. kroner, noko som er særs positivt. Sjukeheimen(FBB) hadde eit moderat mindreforbruk, medan heimetenestene har hatt eit betydeleg mindreforbruk. Kommunen klarte å ta mot dei fleste utskrivne pasientane og har hatt eit balansert resultat for aktivitetane innan samhandlingsreforma.

 

Oppvekstetaten hadde eit resultat kring balanse i 2013, etter bruk av fond og fondsavsetjingar. Det er ei monaleg betring frå 2012, og skuldast god økonomistyring og budsjettdisiplin.

 

Brann og redning fekk eit meirforbruk på kr 274 000, grunna eit monaleg høgare aktivitetsnivå enn føresett, både når det gjeld tal utrykningar, og nivå på trening og utdanning, i samsvar med auka krav frå styresmaktene.

 

Kommunen fekk ein betre skatteinngang i 2013 enn året før, men likevel vesentleg mindre enn budsjettert. Fitjar hadde i 2013 ein skatteinngang på 96,5 % av landsgjennomsnittet.

 

Satsen for eigedomsskatt vart for hus og hytter vart redusert frå 3,5 til 3 promille, som gav redusert inntekt på omlag kr 600 000.  Vindkraft gav omlag 4,75 mill. kroner i eigedomsskatt i 2013. 

 

Grafen visar at Fitjar kommune har hatt betre driftsresultat som del av driftsinntektene enn samanliknbare kommunar kvart år sidan 2004.

 

  

Fitjar kommune vil framleis måtta føreta harde prioriteringar dei komande åra for å tilpassa seg statlege krav og tilskotsrammer. Såleis er kommunen, til liks med svært mange kommunar i Norge, framleis ikkje i stand til å vedlikehalda realkapitalen tilfredsstillande.

Kontakt oss