Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Betre mobildekning

Oppretta: 03.01.2017 – Sist oppdatert 03.01.2017

Nokre område i Fitjar har framleis dårleg mobiltelefonidekning, både utandørs og innandørs. Ny teknologi frå mobiltelefonileverandørane kan gje deg betre dekning.

 

Dei to store mobiltelefonileverandørane Telenor og Telia, har begge kome med ny teknologi som gjer det mogleg å bruka 4G-nettet til taleanrop. Det same har fleire av dei mindre leverandørane. Har du ein nyare telefon kan dette enkelt gje betre dekning. Du må sjølv aktivera tenesta i mobiltelefonen.

 

Les meir om:

- Telenor 4G-tale

 

- Telia 4G-tale

 

Telenor har i tillegg lansert WiFi Tale, ei teneste som gjer at du kan sende og motta taleanrop via det trådlause nettet du har heime.

 

Les meir om:

 

- Telenor WiFi tale

Kontakt oss