Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Frivilligprisen 2017

Oppretta: 17.10.2017 – Sist oppdatert 17.10.2017

Styret i Fitjar Frivilligsentral ber om forslag til årets kandidat til Frivilligpris i Fitjar.

Les meir

Influensa- og pneumokokkvaksinasjon 2017/18

Influensa- og pneumokokkvaksinasjon 2017/18

Oppretta: 13.10.2017 – Sist oppdatert 17.10.2017

Det vert tilrådd at personar med risikosjukdommar let seg vaksinera  mot influensa-
og pneumokksjukdom.

Fylgjande risikogrupper får tilbod om vaksine:

Personar over 65 år, gravide etter 12 svangerskapsveke, personar med kjende medisinske
risikosjukdommar,  uansett alder, helsepersonell med pasientkontakt, m. fl

Les meir

Enkel trafikksikring: KLIPP HEKKEN!

Oppretta: 11.10.2017 – Sist oppdatert 11.10.2017

Sumaren er på hell, og hausten med sitt mørke snik seg innpå.
Det gjer det stadig vanskeligare å sjå dei mjuke trafikantane som
ferdes på vegane.  
Mot mørket verkar berre refleks og god belysning, men mot dårlig
sikt kan mange gjere sitt: Klippe hekken.

 

Les meir

Foreldresamling i regi av Statped

Oppretta: 10.10.2017 – Sist oppdatert 10.10.2017

Informasjon om foreldresamling i regi av Statped, Bergen 2. november 2017.

Les meir

Søknad om etablering av landbasert anlegg - Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS

Oppretta: 10.10.2017 – Sist oppdatert 18.10.2017

Frå Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS ligg det føre søknad om etablering av landbasert anlegg for oppdret av laksefisk på Årskog i Fitjar kommune. 
Dokumenta ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 13.10.2017 - 10.11.2017.  Eventuelle merknader vert å senda Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Ftjar, evnt. fitjar@fitjar.kommune.no innan 10.11.2017.

Les meir

Fitjar legesenter

Oppretta: 26.09.2017 – Sist oppdatert 26.09.2017

Sahad Mohammed Al-Mosawi har valt å sei opp stillinga si som lege i Fitjar kommune frå og med 01.10.2017.

Les meir

Fitjar kommune skårer høgt i Dagen Næringsliv sitt "Kommune NM"

Oppretta: 10.08.2017 – Sist oppdatert 10.08.2017

Kommune-NM er ei kåring av Norge sine mest bærekraftige og attraktive kommunar. I løpet av dei neste vekene vil Dagens Næringsliv publisere ei rekkje artiklar og reportasjar basert på undersøkelsen. Kåringa er gjennomført av NHO og Menon Economics.  Fitjar kommune skårar høgt i denne kåringa med plass nr. 60 av 428.

Les meir

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991-1996

Oppretta: 11.07.2017 – Sist oppdatert 11.07.2017

Er du fødd mellom 1991 – 1996 og enno ikkje har vaksinert deg mot HPV?
Kanskje er du heime på sommarferie? Nytt sjansen no, og ta kontakt med Fitjar helsestasjon!

Les meir

Lokal forskrift for tildeling av plass i sjukeheim mv.

Oppretta: 29.06.2017 – Sist oppdatert 29.06.2017

Kommunestyret vedtok i møte 21.06.2017 lokal forskrift om rett til plass i sjukeheim.

Les meir

Årsmelding for Fitjar kommune 2016

Oppretta: 23.06.2017 – Sist oppdatert 23.06.2017

Årsmelding for Fitjar kommune var handsama i Fitjar kommunestyre 21. juni 2017. 

Les meir

DIGITAL RADIO ERSTATTAR FM I 2017

Oppretta: 09.06.2017 – Sist oppdatert 09.06.2017

Kva tyder dette for deg? Det digitale radioskiftet for dei riksdekkjande kanalane blir gjennomførte fylkesvis. Mange lokalradioar sender som før på FM. Du kan høyre
på digitale radiosendingar via DAB+, internett og tv.

Les meir

Fitjar kommune gratulerer Fitjar mekaniske med oppdrag.

Oppretta: 30.05.2017 – Sist oppdatert 30.05.2017

Reiarlaget Cetus AS frå Vea på Karmøy i dag har kontrahert ein 65 m topp moderne pelagisk nordsjøtrålar frå Fitjar Mek. Veksted AS. Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter tett og godt samarbeid med reialaget, og signeringa skjedde  i dag 24. mai 2017. (kjelde Fitjarposten)

 

http://www.fitjarposten.no/13113-13113-lokalt-fiskebatsamarbeid-til-meir-enn-200-millionar

Les meir

Me feirer den positive utviklinga i næringslivet i Fitjar

Oppretta: 24.05.2017 – Sist oppdatert 30.05.2017

 

Lerøy-Sjøtroll Kjærelva byggjer verdens beste og største settefiskanlegg. Midtfjellet Vindpark har gjort investeringsbeslutning på fortetting i vindparken. Fitjar kommune gratulerer!

Les meir

Etablerarfondet 2017

Oppretta: 16.05.2017 – Sist oppdatert 16.05.2017

 2015 oppretta Hordaland fylkeskommune ei ordning med tre regionale etablerarfond. Etablerarfondet i Sunnhordland er det Samarbeidsrådet som er forvaltar for. For 2017 har fylkeskommunen løyvd kr. 792 000 til det regionale etablerarfondet i Sunnhordland.



Les meir

Strandryddeaksjon 2017

Oppretta: 10.05.2017 – Sist oppdatert 10.05.2017

Fitjar kommune ved ordførar Wenche Tislevoll vil takka for oppmøtet på strandryddedagen. Den heldige vinnar av 2 rettars middag for 4 personar på Engesund Visningssenter vart Otto Roll.

Les meir

Kommunale kreftsjukepleiarar.

Oppretta: 07.05.2017 – Sist oppdatert 07.05.2017

Fitjar Kommune har to kreftsjukepleiarar som kan gi råd og vegleiing til kreftsjuke i kommunen. Dette kan gjelde både for den kreftsjuke og familien rundt. Kreftsjukepleiar vil kunne komme heim til deg etter avtale og gi hjelp, støtte og vegleiing i ein vanskelig situasjon. Kreftsjukepleiar kan og vere ein mellommann mellom for eksempel fastlege, sjukehus, barnehage, skule mm. og syta for at den sjuke og familien rundt får den hjelpa dei har behov for.

 

Les meir

Nytt frå NAV

Oppretta: 06.04.2017 – Sist oppdatert 06.04.2017

Frå 3. april 2017 skal NAV ha hovudvekt på oppfølging og arbeidsretta aktivitet. Dersom du ynskjer å snakke med din kontaktperson må du ha timeavtale.

Det betyr at du frå 3. april vil få svar på alt du lurer på ved å ringe 55 55 33 33, eller ved å skrive til NAV på www.nav.no/skrivtiloss  Her kan du òg bestille timeavtale med din rettleiar. NAV har også chat på facebook for foreldrepengar.

www.nav.no er open heile døgnet, og der får du svar frå dei som handsamer saken din. Dette sikrar at du får rett informasjon, og det vil korte ned ventetid.

Les meir

Står du oppført med rett adresse??

Oppretta: 04.04.2017 – Sist oppdatert 04.04.2017

Fitjar kommune informerer med dette om at når vegadresse og husnummer er tildelt eigedomen må dei som har registrert annan postadresse hos folkeregisteret, slette denne då denne ikkje samsvarer med tildelt vegadresse.

Endring kan utførast ved å sende e-post til skatteetaten.no, følgje denne lenken http://www.skatteetaten.no/no/Skjemaer/Melding-om-ny-eller-endret-postadresse/, eller få veiledning på tlf. 80080000 dersom du ikkje har tilgang til eller bruker internett.

Les meir

Telefonsentral og timebestilling via sms ved legesenteret

Oppretta: 28.03.2017 – Sist oppdatert 30.03.2017

Grunna forsinkelse på ny telefonsentral til nye Fitjar legesenter må ein inntil vidare bruke Rådhuset legekontor sitt nummer, 53497105.

 

Ein kan også bestille time eller faste reseptar ved å sende sms til 2097 med teksten: FITJAR fødselsdato, ditt namn, grad av hast (unngå sensitiv informasjon i meldinga).

Les meir

Fitjar Legesenter

Oppretta: 21.03.2017 – Sist oppdatert 30.03.2017

Legane i Fitjar flytter over i nytt  legesenter frå 27.03.17. Det nye Fitjar Legesenter finn ein i dei  ombygde  tannlegelokala i Fitjar bu- og beh. senter, adresse Gamle Havnavegen 2.   

Les meir

Nye funksjonar på Fitjar kommune si heimeside

Oppretta: 20.02.2017 – Sist oppdatert 20.02.2017

På Fitjar kommune si heimeside er det kome 2 nye funksjonar. "Kom med di sak" og " Fix gata mi" som du finn nede til venstre på sida.

Les meir

SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS

Oppretta: 06.02.2017 – Sist oppdatert 06.02.2017

Regjeringa ynskjer å gje fleire barn rett på barnehageplass. Departementet har difor utvida retten til barnehageplass.

Les meir

LEGEVAKTA FLYTTAR 1.FEBRUAR 2017

Oppretta: 24.01.2017 – Sist oppdatert 24.01.2017

Den 1.februar flyttar legevakta inn i Legevaktbygget som ligg like ved Stord sjukehus

Les meir

Betre mobildekning

Oppretta: 03.01.2017 – Sist oppdatert 03.01.2017

Nokre område i Fitjar har framleis dårleg mobiltelefonidekning, både utandørs og innandørs. Ny teknologi frå mobiltelefonileverandørane kan gje deg betre dekning.

 

Les meir

Kulturprisen 2016 til Temagruppa til Fitjar sokneråd

Oppretta: 08.12.2016 – Sist oppdatert 08.12.2016

Onsdag 7. desember vert det einstemming vedteke at kulturprisen 2016 skulle gå til Temagruppa til Fitjar sokneråd, som består av
Eli Simonsen, Hildegunn Aadland, Anne Britt Tornes og Benedicte Meyer.  Fitjar kommune gratulerer så mykje med ein velfortent pris!

 

Les meir

Bestill legetime via SMS

Oppretta: 24.11.2016 – Sist oppdatert 24.11.2016

Begge legekontora i Fitjar kommune tilbyr no time- og reseptbestilling via SMS, app eller via Internett.

 

Les meir

Vinnarar av kommunen sine topptrim og telltur konkurransar

Oppretta: 16.11.2016 – Sist oppdatert 16.11.2016

Kommunen har hatt ein konkurranse for alle sine tilsette der alle som var med på topptrimmen hadde moglegheit  til og vinne eit gåvekort på Mx Sport Larsen pålydande 500.- Vinnaren av denne konkurransen vart Elisabeth Kjærland.

Kommunen vil gje premie til dei som brukar telltur i kommunen. Vinnaren av denne vart Martin Eikeland som vann gåvekort på 500.- på Mx Sport Larsen

Les meir

GRATIS HPV-VAKSINE TIL KVINNER FØDD I 1991 ELLER SEINARE

Oppretta: 15.11.2016 – Sist oppdatert 15.11.2016

 

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksina kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.
Frå hausten 2016 får kvinner fødd i 1991-1996 tilbod om gratis HPV-vaksine. Jenter som er fødd i 1997 eller seinare har fått tilbod om vaksinering i 7.klasse, som del av barnevaksinasjonsprogrammet.
Dersom desse av ulike grunnar ikkje har fått vaksina, kan også dei få tilbodet.
Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser som vert gjeve i løpet av 6-12 mnd, og må startast opp innan utgangen av 2018.

 

Les meir

Invitasjon til fagkurs i samfunnsentreprenørskap vintaren 2016/2017

Oppretta: 10.10.2016 – Sist oppdatert 10.10.2016

Kommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og folketalsutvikling. Dette høgskulekurset gjev skreddarsydd og praktisk kunnskap om effektivt lokalt utviklingsarbeid.

Les meir

Stor rift om å bli medlem i Fitjar ungdomsråd

Oppretta: 07.10.2016 – Sist oppdatert 11.10.2016

Torsdag  6. oktober vart ungdomskuleelevane  på Rimbareid og elevane på Fitjar Vgs samla  for å få orientering om ungdomsrådet. Oppmøte var svært godt på Rimbareid skule, på Fitjar Vgs var det noko færre elevar til stades.

Les meir

Kunngjøring av tilskudd til nasjonale minoriteter og til kvensk språk og kultur

Oppretta: 07.10.2016 – Sist oppdatert 07.10.2016

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lyst ut tilskuddsordningene til nasjonale minoriteter og til kvensk språk og kvensk/norskfinsk kultur.

Les meir

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991 - 1996

Oppretta: 07.10.2016 – Sist oppdatert 07.10.2016

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom et to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Folkehelsa tilrår vaksina til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft som følgje av HPV-infeksjon.

Les meir

Nytt norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre interesserte

Oppretta: 19.09.2016 – Sist oppdatert 19.09.2016

Dersom det er interesse for det startar me opp med eit nytt norskopplæringskurs i oktober. Kurset vil gå føre seg på Rimbareid skule.

 

Les meir

Framleis bandtvang i beiteområde

Oppretta: 31.08.2016 – Sist oppdatert 31.08.2016

Fitjar kommune har gjennom lokal forskrift bandtvang i område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar fram til 15. oktober.

 

Les meir

Positiv auke av innbyggjartalet

Oppretta: 19.08.2016 – Sist oppdatert 19.08.2016

Folketalet i Fitjar kommune har auka med 24 personer i 2 kvartal. Me er no totalt 3168 innbygjara i bygda vår.

Les meir

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Oppretta: 28.06.2016 – Sist oppdatert 28.06.2016

Bømlo, Stoird og Fitjar har i lag med politiet utarbeidd ein rettleiar om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Les meir

Liste over leverandørar av brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Oppretta: 07.06.2016 – Sist oppdatert 07.06.2016

Liste over leverandørar av brukarstyrt personleg assistanse (BPA) finn du her.

Les meir

MELD FRÅ OM MARIN FORSØPLING

Oppretta: 06.06.2016 – Sist oppdatert 06.06.2016

Les meir

Nytt i kampen mot brunsniglane

Oppretta: 11.05.2016 – Sist oppdatert 19.05.2016

Visste du at det er om våren det er lettast å bli kvitt brunsniglar?

Les meir

Medietilsynet informerer om overgangen frå FM radio til DAB

Oppretta: 11.05.2016 – Sist oppdatert 11.05.2016

 Det ikkje er mange månadene til at lytting må skje på ein DAB+-radio eller via internett eller digital-tv, skriv Gudbrand Guthus i Medietilsynet.

 

Les meir

Brannfare i skog og utmark

Oppretta: 11.05.2016 – Sist oppdatert 11.05.2016

Fitjar kommune v/brannvesenet vil minne om at det i tida 15. april til 15. september er forbode å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

 

Les meir

Ny informasjon frå Fylkesmannen om lagring og bruk av hestegjødsel

Oppretta: 10.05.2016 – Sist oppdatert 11.05.2016

Ny artikkel frå Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland om kontroll og handtering av hestemøk:

 Veit du nok om lagring og bruk av hestegjødsel?

 

Les meir

Resultat frå folkerøystinga

Oppretta: 25.04.2016 – Sist oppdatert 26.04.2016

Røystestaden ved Fitjar kultur- og idrettsbygg er no stengt, og resultata frå rådgjevande folkerøysting føreligg.

 

Les meir

Rapport frå temadagar, Kystgard og kystlynghei på Straumøy, 2016

Oppretta: 25.04.2016 – Sist oppdatert 25.04.2016

Fredag 8. april var 15 personar samla på på Straumøy i Fitjarøyane.

Les meir

Bålreglene er endra. Pressemelding frå Norsk Brannvernforening

Oppretta: 13.04.2016 – Sist oppdatert 13.04.2016

Fra 1. januar i år gjelder endrede regler for bålbrenning. Mellom 15. april og 15. september er det forbudt å gjøre opp ild nær skog og i all annen utmark uten tillatelse fra kommunen.  

Les meir

Fitjar folkebibliotek har fått ny heimeside

Oppretta: 08.04.2016 – Sist oppdatert 08.04.2016

Den nye heimesida finn du her

Les meir

Vedrørande Reisevaksinering

Oppretta: 17.03.2016 – Sist oppdatert 17.03.2016

Fitjar helsestasjon vil frå og med 1. april 2016 ikkje tilby reisevaksiner grunna bemanningssituasjonen pr no.

Les meir

Einige om omstillingsavtale

Oppretta: 16.03.2016 – Sist oppdatert 16.03.2016

Kommunestyra har bestemt at kommunane skal inngå ein omstillingsvtale med arbeidstakarorganisasjonane ved ei kommunesamanslåing. Denne avtalen er no i hamn.

 

Les meir

Avtale om kommunereform

Oppretta: 28.01.2016 – Sist oppdatert 28.01.2016

Ordførarane i Stord og Fitjar signerte idag, kl. 12:30, avtale om kommunereform.

Avtalen finn du her

Les meir

Brøyting av vegar

Oppretta: 10.01.2016 – Sist oppdatert 10.01.2016

Fitjar kommune har ansvar for brøyting av kommunale vegar, medan Statens vegvesen syt for brøytinga av fylkes-, riks- og europavegar.


Les meir

Digital postkasse

Oppretta: 06.01.2016 – Sist oppdatert 06.01.2016

Fitjar kommune vil gradvis gå over til å senda brev til innbyggjarane via Digital postkasse. Brev til verksemder og organisasjonar vil bli sendt via Altinn.


Les meir

Feira jubilantar og nye pensjonistar

Oppretta: 18.12.2015 – Sist oppdatert 21.12.2015

Fitjar kommune ønskjer å gjera stas på medarbeidarar som har vore i kommunen i 25 år, og dei som går av med pensjon i løpet av året. Samlinga fant stad på Fitjar Fjordhotell 9. desember.

 

Les meir

Mandat og representantar er klare

Oppretta: 15.09.2015 – Sist oppdatert 15.09.2015

Valoppgjeret er no ferdig: Mandat er fordelt og representantar er kåra.

 

Les meir

Status for Øyaplanen.

Oppretta: 09.09.2015 – Sist oppdatert 09.09.2015

I tillegg til Øyaplanen er det to andre planar til høyring som heilt gjeld same tema som Øyaplanen:
Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland, som vil vera styrande for Øyaplanen.
Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger, som kan gje føringar for Øyaplanen.

Les meir

Nytt nasjonalt legevaktnummer 116 117

Oppretta: 28.08.2015 – Sist oppdatert 02.09.2015

Frå 1. september vert det lettare å hugsa telefonnummeret til legevakta.  Då kan du ringja det sekssifra telefonnummeret 116  117 for å koma til legevakta same kvar du er i Noreg. Det er dette nummeret («hundre og seksten- hundre og sytten») som skal brukast for å kontakta legevakta heretter, og det er gratis.

Les meir

Folkevekst i Fitjar

Oppretta: 21.08.2015 – Sist oppdatert 21.08.2015

Me er no blitt 3120 Fitjarbuarar ! Ein folkevekst på 17 personar 2. kvartal. Totalt 27 første halvår. Det siste året har det vore ein auke på 80 personar. Me er stolte over at Fitjar er ein vekstkommune.

Les meir

Nye byggjereglar frå 1. juli

Oppretta: 29.06.2015 – Sist oppdatert 29.06.2015

Frå 1. juli vert byggjereglane forenkla. Kan du byggje utan å søkje?
 

Les meir

Nytt høgdereferansesystem

Oppretta: 25.06.2015 – Sist oppdatert 01.07.2015

Frå 3. juli blir høgdegrunnlaget endra til NN2000. Kva inneber dette for deg?

 

Les meir

Helene fekk draumen sin oppfylt

Oppretta: 22.06.2015 – Sist oppdatert 22.06.2015

MOT programmet byrjar no å bli godt innarbeid ved Rimbareid skule.
MOT handlar om å utvikle robuste ungdomar som bygger på MOT verdiane MOT til å leve.

Les meir

Fitjar kommune har tilsett ny kulturskulerektor.

Oppretta: 18.06.2015 – Sist oppdatert 18.06.2015

Den nye rektoren heiter Håvard Kroka. Han tek til i stillinga frå 1. august.
Me ynskjer han velkommen i skuleleiarteamet.

 

Les meir

Busetting av flyktningar i Fitjar

Oppretta: 02.06.2015 – Sist oppdatert 15.06.2015

Fitjar kommune har vedteke å busetja 30 – 32 flyktningar i åra 2015 – 2017.  

Les meir

Auke i folketalet på Fitjar

Oppretta: 19.05.2015 – Sist oppdatert 22.05.2015

Folketalet aukar stadig, i første kvartal med 10, til 3103. Auken består i netto tilflytting på 14, og eit negativt fødselsoverskot (fødde – døde) på 4.

Les meir

Har du ein god ide?

Oppretta: 08.05.2015 – Sist oppdatert 08.05.2015

Lurar du på om din ide kan utviklast til noko meir? Ynskjer du å etablera eiga bedrift? Treng du hjelp med utvikling av di bedrift? Fitjar Kommune invitera alle som har ein god idé til å ta kontakt med kommunen sitt næringsapparat. Ordførar Wenche Tislevoll og Astrid Kjellevold Steinsland frå Atheno kan bidra på ulike felt, innan ulike bransjar og i ulike fasar innan forretningsutvikling.

Les meir

Prosjekt «Ledige landbruksbygg» - støtte til fagleg rettleiing.

Oppretta: 06.05.2015 – Sist oppdatert 06.05.2015

Stord og Fitjar Landbruk- og Miljøkontor  vil informera om at det står att nokre midlar i prosjektet og eigarar av ledige landbruksbygg bør nytta høve til å søkje om pengar til fagleg rettleiing med siktemål å skape ny næring. Dette gjeld både statusvurdering av bygningen, men også andre aktuelle utlegg knytt til forretningsutvikling.

Les meir

MOT – turneen vart ein suksess.

Oppretta: 21.04.2015 – Sist oppdatert 21.04.2015

Flotte ungdomar frå Rimbareid skule hadde innslag på konserten
Chand engasjerte alle og fekk respons frå salen.
Bård Flaarønning held eit engasjerande foredrag til ettertanke for alle.
 

Les meir

Feiing i Fitjar kommune

Oppretta: 16.04.2015 – Sist oppdatert 16.04.2015

Feiing foregår for tida i deler av Fitjar kommune.  Feinga vert utført av Stord Feiarvesen.  Dei sender kun varsel om feiing via SMS på "Varsle meg". 

Les meir

Det er no tid for å søkje plass i kulturskulen

Oppretta: 26.03.2015 – Sist oppdatert 26.03.2015

Tid for å søkje plass i kulturskulen

Meir informasjon om tilbod og søknadsskjema finn du her

 

 

Les meir

Takk til alle som kom på folkemøte måndag.

Oppretta: 24.03.2015 – Sist oppdatert 21.04.2015

Det var svært gledelig at så mange deltok med gode innspel og synspunkt. Ei særskild takk til Fitjar ungdomsråd som gjorde ein framifrå jobb. Innspela vert tekne med vidare i prosessen.

Les meir

Invitasjon til fagmøte om optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel.

Oppretta: 17.03.2015 – Sist oppdatert 17.03.2015

Norsk Landbruksrådgiving Hordaland, i samarbeid med Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor og Fylkesmannen i Hordaland, inviterer gardbrukarar i Stord og Fitjar til fagmøte der hovudtema vert: Optimalisert bruk og lagring av husdyrgjødsel.     

Les meir

Størst vindkraftproduksjon på Fitjar.

Oppretta: 17.03.2015 – Sist oppdatert 17.03.2015

Ferske tal fra NVE viser at Midtfjellet, med sine 44 vindturbiner  i 2014, hadde størst produksjon av dei norske vindparkane med 317,3 GWh.
Midtfjellet Vindkraft står dermed for knappe 15% av den totale produksjonen av norsk vindkraft i fjor.

Les meir

Karriererettleiing på Vabakkjen

Oppretta: 16.03.2015 – Sist oppdatert 16.03.2015

Birgit E. Olsen Bratseth og Marie E. Isdahl er dei to nye karriererettleiarar som har  kontor i tredje høgda på Vabakkjen.

Les meir

Innskriving til skulen i Fitjar kommune

Oppretta: 03.03.2015 – Sist oppdatert 03.03.2015

Det vert innskriving av elevar som skal ta til hausten 2015

 

Les meir

"Ta i et tak" 2014-15 - brannforebyggende tiltak- tilskudd til el - kontroll

Oppretta: 03.03.2015 – Sist oppdatert 03.03.2015

Norsk kulturarv lanserer i samarbeid med Stiftelsen UNI ny «Ta et tak»- aksjon for 2014-15. Aksjonen tilbyr «nødhjelp» til forfallstrua bygninger og andre objekter av kulturhistorisk verdi. 

 

 

Les meir

Utlysing av kulturlandskapsprisen 2015

Oppretta: 20.02.2015 – Sist oppdatert 20.02.2015

Kulturlandskapsgruppa i Hordaland ber om kandidatar til Kulturlandskapsprisen for 2015. Tema 2015: Friluftsliv i jordbrukets kulturlandskap

 

Les meir

Frist for å søkja barnehageplass i Fitjar er 01.03.2015

Oppretta: 16.02.2015 – Sist oppdatert 16.02.2015

Les meir

Innbyggjarar i Fitjar kommune får kjernejournal

Oppretta: 16.02.2015 – Sist oppdatert 16.02.2015

1.mars vil 760.000 innbyggjarane i tilsaman 67 nye kommunar i Vest-Norge få kjernejournal. Viktige helseopplysningar vert samla i kjernejournal som både innbyggjarane og helsepersonell har tilgang til.  

 

 

 

 

Les meir

Folkemøte om kommunereform

Oppretta: 11.02.2015 – Sist oppdatert 11.02.2015

Det blir folkemøte om kommunereform i Fitjar kultur- og idrettsbygg måndag 23. mars kl. 19.00.

 

Les meir

Konkuranse om beste turbilde

Oppretta: 10.02.2015 – Sist oppdatert 10.02.2015

2015 er friluftslivets år og i det høve ønskjer Samarbeidsrådet for Sunnhordland å invitera til ein konkurranse der ein skal kåra årets beste turbilete i Sunnhordland.

Les meir

Stadfesting reguleringsplan Havn næringsområde

Oppretta: 27.01.2015 – Sist oppdatert 19.06.2015

Fitjar kommunestyre stadfesta i sak 75/14, den 17.12.2014, reguleringsplan for Havn næringsområde, gnr. 67/60 og deler av gnr. 65/47 - naustområde.

Les meir

Har du hatt hjarteoperasjon, hjarteinfarkt eller utblokking (PCI )?

Oppretta: 15.01.2015 – Sist oppdatert 15.01.2015

Regelmessig trening er viktig for eit godt liv !

Fleire kommunar i Sunnhordland tilbyr no trygg  «kom i gang»- trening for personar med hjartesjukdom.

Les meir

Helste innbyggjarane med nyttårstale

Oppretta: 05.01.2015 – Sist oppdatert 05.01.2015

Sundag 4. januar haldt ordførar Wenche Tislevoll sin nyttårstale til innbyggjarane, i samband med juletrefesten i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her kan du lesa talen.

 

Les meir

Fitjar kommune ynskjer alle innbyggjarar eit riktig godt nyttår!

Oppretta: 31.12.2014 – Sist oppdatert 31.12.2014

Les meir

Fagforbundet Stord/Fitjar sitt kulturstipend 2014

Oppretta: 17.12.2014 – Sist oppdatert 20.12.2014

Fagforbundet Stord/Fitjar har oppretta kulturstipend for born og unge mellom 13 og 20 år busett i Stord eller Fitjar kommune. Stipendet kan og tildelast organisasjonar/lag som arbeider med målgruppa.

Les meir

Brøyting av vegar

Oppretta: 15.12.2014 – Sist oppdatert 10.01.2016

Fitjar kommune har ansvar for brøyting av kommunale vegar, medan Statens vegvesen syt for brøytinga av fylkes-, riks- og europavegar.

 

Les meir

Heidra pensjonistar og jubilantar

Oppretta: 05.12.2014 – Sist oppdatert 05.12.2014

Fitjar kommune, med ordførar Wenche Tislevoll i spissen, heidra torsdag medarbeidarar som har pensjonert seg og 25-årsjubilantar.

Les meir

Engesund Visningssenter får næringsprisen

Oppretta: 04.12.2014 – Sist oppdatert 04.12.2014

Engesund Visningssenter er med på å setja Fitjar på kartet og bidrar til å auka antal besøkjande til Fitjar, meiner Fitjar formannskap.

 

Les meir

Kulturprisen til Håkonargeneralen

Oppretta: 04.12.2014 – Sist oppdatert 04.12.2014

Bjørn Haaland får kulturprisen for sitt arbeid med Håkonarspelet gjennom mange år.

 

Les meir

Ope folkemøte om ny E 39 mellom Stord og Os.

Oppretta: 20.11.2014 – Sist oppdatert 24.11.2014

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune inviterer til folkemøte om ny E39 mellom Stord og Os og nye fylkesvegsamband knytt opp mot denne.

Les meir

Ope folkemøte vedrørande ny E 39 mellom Stord og Os

Oppretta: 20.11.2014 – Sist oppdatert 20.11.2014

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune inviterer til folkemøte om ny
E39 mellom Stord og Os og nye fylkesvegsamband knytt opp mot denne.

Les meir

Kulturskulen har ledige plassar på dans og drama/teater

Oppretta: 17.11.2014 – Sist oppdatert 24.11.2014

Kulturskulen har ledige plassar på dans og drama/teater frå 1. januar 2015.

Les meir

"Balle Frost og leiketøysbanditten"

Oppretta: 12.11.2014 – Sist oppdatert 12.11.2014

Fitjar kulturskule set opp musikalen "Balle Frost og leketøysbanditten" torsdag 27. november kl. 18.00, i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg. Det vert også framsyningar fredag 28. november og laurdag 29. november. Det er førehandssal av billettar hos Thea Træet, det vert og anledning til å kjøpa ved inngangen.

Les meir

Førebyggjande helseprosjekt "Trygg alderdom"

Oppretta: 23.10.2014 – Sist oppdatert 24.10.2014

Fitjar kommune skal i  samarbeid med Fitjar seniorsenter og Fitjar frivillegsentral,  starte opp med fallførebyggjande kurs i haust.

 

Les meir

Kulturlandskapsprisen 2014.

Oppretta: 15.10.2014 – Sist oppdatert 15.10.2014

Fylkesordfører Tom Christer Nilsen overrekte Kulturlandskapsprisen 2014 på kr 50 000,- til bonde Ole Gjermund Digernes frå Stord.

Les meir

Fotterapi - tilbod til heimebuande eldre i Fitjar

Oppretta: 17.09.2014 – Sist oppdatert 23.09.2014

Fitjar kommune har gjort avtale med autorisert fotterapeut Kristin Johanne Agdestein.

Les meir

Kost- og aktivitetsrettleiing

Oppretta: 29.08.2014 – Sist oppdatert 02.09.2014

Er du bekymra for barnet ditt si vektutvikling? Treng De hjelp til endring?

 

Les meir

All brenning av avfall er ulovleg

Oppretta: 29.08.2014 – Sist oppdatert 29.08.2014

I utgongspunktet er det forbode med open brenning og brenning av avfall i små omnar etter forureiningslova § 7. Unnatak er "vanleg" forureining (§8)

Les meir

Kurs for pårørande til demente

Oppretta: 29.08.2014 – Sist oppdatert 29.08.2014

Stord/ Fitjar demensforening er eit aktivt lokallag under Nasjonalforeningen for Folkehelsen.

Dei håpar på stor oppslutnad når dei saman med Lærings og Meistringssenteret og Seksjon for Spesialiset behandling i Haugesund Helse Fonna samt Stord kommune og Fitjar Kommune inviterer til kurs for pårørande til demente.

Les meir

Ledige plassar i kulturskulen på dans.

Ledige plassar i kulturskulen på dans.

Oppretta: 19.08.2014 – Sist oppdatert 19.08.2014

Kulturskulen har ledige plassar på dans for elevar som går på 5. trinn og oppover!

Søk her

 

Les meir

Pressemelding frå SIM

Oppretta: 17.07.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Pressemelding knytt til sal av SIM Næring og SIM Tank kan du lese her

Les meir

App for avfall

Oppretta: 30.06.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Last ned SIM sin nye app for avfall. I appen kan du få varsel om tøming, finna miljøsentralar, opningstider, hyttekonteinerar og meir.

Les meir

Minibibliotek på Larsenkaien

Oppretta: 20.06.2014 – Sist oppdatert 20.06.2014

Fitjar folkebibliotek har sett opp minibibliotek på Larsenkaien som eit plaster på såret for at biblioteket held sommarstengt.

Les meir

Fitjar kommune er endeleg på Facebook

Oppretta: 19.06.2014 – Sist oppdatert 19.06.2014

Fitjar kommune er endeleg kome på Facbook. Adressa er facebook.com/fitjarkommune

Les meir

Stor skogbrannfare

Oppretta: 18.06.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

110-sentralen melder om stor skogbrannfare i området Nord-Rogaland og Sunnhordland.

 

Les meir

Avfallsplan for hamner

Oppretta: 06.06.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

SIM og eigarkommunane er i ferd med å utarbeida felles avfallsplan for alle hamner i kommunane.

Les meir

Vitja Kongen

Oppretta: 21.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

I samband med grunnlovsjubileet vitja ordførar Wenche Tislevoll både Oslo rådhus og Det kongelige slott.

Les meir

Blir du varsla?

Oppretta: 12.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Fitjar kommune vil varsla deg ved tilhøve det er viktig at du som innbyggjar kjenner til. Systemet vil i tillegg bli nytta i krise- og beredskapssituasjonar, dersom du må evakuerast eller treng tidskritisk informasjon frå kommunen.

Les meir

Haaland ny rektor

Oppretta: 08.05.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Bjørn Haaland har takka ja til stillinga som rektor ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. - Eg er svært nøgd med at Bjørn har teke på seg å vidareutvikla storskulen i Fitjar, seier skule- og oppvekstsjef John Karsten Raunholm.

 

Les meir

Betre resultat enn venta

Oppretta: 03.04.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Fitjar kommune fekk eit monaleg betre resultat enn budsjettert. Etter netto overføringar oppnådde kommunen eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 5 mill. kroner.

Les meir

Ny utsjånad på nettstaden

Oppretta: 27.03.2014 – Sist oppdatert 27.03.2014

Fitjar kommune har endra framsida på nettstaden. Korleis finn eg fram dit eg skal?

Les meir

Kursar seg i HMT

Oppretta: 11.03.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Kommunestyresalen var fullsett når 32 leiarar og verneombod måndag hadde fyrste dag av eit førtitimars kurs om helse, miljø og tryggleik.

 

Les meir

Ny interkommunal legevakt

Oppretta: 19.02.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord har slått saman legevaktordninga og etablert ein felles legevakt for innbyggjarane. Måndag 24. februar opnar den nye interkommunale legevaktstenesta dørene på Stord sjukehus.

Les meir

Hjortejakta 2013

Oppretta: 07.02.2014 – Sist oppdatert 25.03.2014

Det vart skutt 312 dyr på Stordøya under jakta i 2013, noko som gir ein fellingsprosent på 87.

 

Les meir på nettsidane til Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Les meir

Skuleruta er klar

Oppretta: 06.02.2014 – Sist oppdatert 25.03.2014

Utval for oppvekst og omsorg vedtok 5. februar skuleruta for neste skuleår.

 

Les meir

Trygg kvardag

Oppretta: 13.12.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har laga ein ny nettstad som fortel korleis du enkelt kan førebyggja uhell heime hjå deg sjølv.

 

Les meir

Søgardsjøen

Oppretta: 11.12.2013 – Sist oppdatert 27.11.2014

Stadfestingsvedtak
Føresegner
Planomtalen
Kartet

 

Les meir

Tomtefeste innløysing

Oppretta: 21.11.2013 – Sist oppdatert 17.07.2014

Beskrivelse

Utbygd festetomt kan innløysast til prisar fastsette i gebyrregulativet i kommunen. I tillegg til innløysingssummen må det betalast dokumentavgift til Staten (2,5 % av kjøpesummen) og tinglysingsgebyr.

Ønskje om innløysing skal framsetjast skriftleg eller ved å fylle ut skjema på kommunen si heimeside. Når kommunen har motteke søknaden, blir det sendt faktura for den totale kostnaden. Saman med fakturaen følgjer fråsegn om sletting av festekontrakt. Den må underteiknast av festar(ane) og returnerast kommunen.

Når kjøpesummen er innbetalt og underteikna fråsegn er motteken av kommunen, blir skøyte sendt til tinglysing. Det tinglyste skøytet blir så sendt til tidlegare festar(ar), no eigar(ar) av tomta.

Innkrevjing av festeavgift blir stoppa frå betalingstidspunktet.

Lover

Tomtefesteloven

Rettleiing

Les meir

Skykkjeneset - Kråko

Oppretta: 01.07.2013 – Sist oppdatert 27.11.2014

Stadfestingsvedtak
Føresegner
Planomtale
Kart

Les meir

E-39 Vistvik - Engevik

Oppretta: 27.06.2013 – Sist oppdatert 27.11.2014

Stadfestingsvedtak
Planskildring
Reguleringskart

 

 

Les meir

Fylkesmannen i Hordaland søkjer verjer.

Oppretta: 14.05.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Informasjon om verje finn du her

Les meir

Kunngjering frå SIM

Oppretta: 10.05.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Representantskapet i SIM stadfesta på møtet 26. april 2013, at SIM har fått tildelt enerett gjennom "Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar", vedteken i alle eigarkommunane i 2007.

Les meir

Infoskriv frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor

Oppretta: 17.04.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Infoskriv frå Stord Fitjar Landbruks-og Miljøkontor finn du her 

 

Les meir

Forbod mot å gjera opp eld i skog og skogmark!

Oppretta: 11.04.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Åpen eld i skog og mark er forbode frå 15. april til 15. september!   

Les meir

Tid for å søkja plass i kulturskulen

Oppretta: 16.03.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Det er no tid for å søkja plass i kulturskulen. For informasjon og søknadsskjema sjå her

Les meir

Byggjeforbod i Bøkjeneset

Oppretta: 27.02.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommune v/ Utval for plan og miljø vedtok 06.02.2013 mellombels byggjeforbod for eigedommar i området Bøkjeneset/Storevik.
Vedtaket er gjort med grunngjeving at planspørsmålet ikkje er avklart for området, og inneber at det ikkje kan byggjast på ein måte som vil vanskeleggjera gjennomføring av planarbeidet. Vedtaket er gjort i medhald av § 13-1 i Plan- og bygningslova. Maksimal forbodsperiode er fire år jf. Pbl. § 13-2, med moglegheit for forlenging, før forbudet fell bort.

Behandling i Utval for plan og mljø finn du her

Les meir

Kunngjering kulturminneplan i Fitjar kommune

Oppretta: 04.02.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Synfaring/registreringvedk. kulturminneplan

Det vil bli oppstart av kulturminneregistrering

av eigedommar i Fitjar kommune frå 01.02.2013.

Berørte partar vert kun varsla ved denne

lysinga.

Les meir

INFORMASJON OM KULTURMINNEPLAN I FITJAR KOMMUINE

Oppretta: 30.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Informasjon om kulturminneplan finn du her

Les meir

FALSK TRYGGEHT PÅ TYNN IS

Oppretta: 22.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Artikkel fin du her

Les meir

Matrikkelbrev gnr. 90/1

Oppretta: 17.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Matrikkelbrev for gnr. 90/1 - Midtfjellet ligger her

Les meir

Nytt norskkurs vinteren 2013

Oppretta: 08.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Info om nytt norskkurs vinteren 2013 finn du her

Les meir

Ordføraravtale for alarmtelefon for barn og unge

Oppretta: 08.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ordføraren i Fitjar kommune har signert Ordføraravtalen for alarmtelefonen for barn og unge (tlf: 116 111).

Ordføraravtalen er ein avtale mellom Alarmtelefonen for barn og unge og landets ordførarar. Ordførarane påtar seg å vere ambassadørar og omtale Alarmtelefonen for barn og unge der det er naturleg. Det er særs viktig at tenesta vert kjent over alt i heile landet.

Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111 - er ein gratis nødtelefon for born og unge som lever med vald, overgrep og omsorgssvikt. Vaksne som er bekymra for born og unge som lever under slike vilkår kan også ringe.

For meir informasjon om Alarmtelefonen for barn og unge, sjå nettsida deira: www.116111.no

Les meir

Visuelle kunstfag - nytt tilbod i kulturskulen

Oppretta: 05.11.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Anne Lene Østvold Jordåen

 

Frå januar 2013 startar kulturskulen opp med eit nytt tilbod – ”Visuelle kunstfag” .  ”Visuelle kunstfag” er eit samleomgrep på både teikning, maling, keramikk, tekstil og anna visuell kunst, i vår undervisning har me valt å ha fokus på teikne og maleteknikkar.

 

Lærar i dette faget blir Toril Berger Falk (som også er dramalærar). Torill har arbeidd mykje med visuelle kunstfag og har mellom anna illustrert barneboka «Eddy Edderkopp».

Undervisinga vert tysdagar kl. 17.30, det er ennå litt usikkert kva lokale undervisinga skal vera i, men det vil vera på plass ved oppstart i januar.

I fyrste omgang har me berre resursar til å starta opp med ei gruppe – det vert difor tilbod til elevar frå 5. trinn og oppover.

I tillegg til vanleg elevbetaling (kr 1270.- i semesteret)  kjem ei lita materialutgift på kr 100.- i semesteret.

Søknadsfrist er 15. desember 2012.

Søk plass her

Les meir

Planstrategi 2012 - 2015

Oppretta: 04.10.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Planstrategi for Fitjar kommune 2012 -2015 ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 3. oktober - 5. november 2012.

Dokumenta finn du her:

Planstrategi

Plandokument

 

 

 

Les meir

Tiltaksplan for Fitjarfjellet

Oppretta: 04.07.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Tiltaksplan for Fitjarfjeller er no klar.   Planen kan og sjåast i Kundetorget på rådhuset.
Planen finn du her

Les meir

Meld frå om Pærebrann

Oppretta: 21.06.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Les meir

Informasjon om kurs i Helsetorgmodellen. Planlagt til oktober 2012

Oppretta: 14.06.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

 

HSH med ny vidareutdanning i KOLS.

Ei kartlegging viste at helsepersonell både i kommunar og sjukehus treng meir kunnskap og kompetanse på pasientar med KOLS. - No kjem HSH med ei ny vidareutdanning innan fagfeltet, seier førstelektor Astrid Berland ved HSH. Målet med den nye vidareutdanninga er å auke helsepersonell sine kunnskapar, slik at dei møter KOLS-pasientar på ein fagleg forsvarleg måte. Også leger er målgruppa for kurset/deler av kurset.

- Vidareutdanninga startar opp i oktober, og me samarbeidar godt med Tysvær kommune og Helse Fonna, fortel Berland. Utdanninga utgjer 7,5 studiepoeng    og går over seks dagar i høgskolebygget i Haugesund. Den nye vidareutdanninga skal bidra til at helsepersonell kan observere og setje i verk tiltak for å gi god oppfølging og betre livskvalitet for pasientar med KOLS. – Like viktig er å førebyggje at komplikasjonar oppstår, samt bidra til å fremme pasientane si meistringsevne og helse, seierførstelektor og prosjektleiar for den nye vidareutdanninga i HSH, Astrid Berland

Les meir

Infofoskriv frå Stord/Fitjar Landbruks- og Miljøkontor våren 2012

Oppretta: 23.05.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Infofoskriv frå Stord/Fitjar Landbruks- og Miljøkontor våren 2012 finn du her

Les meir

Tilskuddsportalen for lag og organisasjonar.

Oppretta: 16.03.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Tilskuddsportalen for lag og organisasjonar.

Fitjar Kommune abonnerar no på Tilskuddsportalen. Ein får månadsvis informasjon om kor det er råd å søkja midlar til ulike føremål og kortid søknadfristane er. Lag og organinsajonar i Fitjar får gratis tilgong til Tilskuddsportalen ved å registrere seg på skjemaet som fylgjer http://lf-tilskudd.scan4news.com/register/?kom=fitjar.

Dersom noko er uklårt er det berre å kontakte kulturkontoret for nærare informasjon

Les meir

Regionalt næringsfond 2012. Tildeling bedrifter - nyetableringar

Oppretta: 11.03.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Informasjon om Regionalt næringsfond 2012 ( tildeling bedrifter - nyetableringar) finn du her

Les meir

Vedteken skulerute 2012/2013

Oppretta: 06.03.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Skuleruta for 2012/2013 er vedteken i Utval for oppvekst og omsorg 16.02.2012. Lenke til skuleruta finn du her

Les meir

Informasjonsmøte om fjerning av Sitkagran i Fitjarøyane

Oppretta: 28.02.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane

Fitjarøyane har store område med kystlynghei som er ein trua kulturlandskapstype. Fitjarøyane er 1 av dei 20 verdifulle kystlyngheiområda som er med i Direktoratet for naturforvaltning si registrering i 2009. Dei seinare åra har interessa  for å sette istand kulturlandskapet i øyane vore aukande blant eigarane, noko både kommunen, fylket og Direktoratet for naturforvaltning har støtta. Ein av utfordringane når kystlynghei skal settast istand er sitkagrana som vart planta fra-50 talet og nokre ti år framover. Denne er i dag hogstmoden, men er vanskeleg og kostbar  å få tatt ut. I tillegg spreier den seg i landskapet.

Dette er grunnlaget for at prosjektet «Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane» vart satt i gang i 2010. Fleire grunneigarar  ynskjer å fjerne gran frå sin eigedom og er i gang med konkrete tiltak. Fitjar kommune har med støtte  frå Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning, til no løyvd tilskot til konkrete tiltak på 5 av øyane.

Samordna uttak av sitkagran

Det viser seg å være ei stor utfordring for prosjektet å få frakta vekk trevirke som vert hogd frå øyane. Denne utfordringa er grunnlaget for at Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har tatt tak i problemstillinga og utarbeida ein plan for gjennomføring. Forslaget er at Interesselaget for Fitjarøyane går inn som eigarar av prosjektet. Ei  arbeidsgruppe som består av representanter for grunneigarane, styret i Interesselaget og frå SFLMK som tar prosjektansvar. Det er søkt om tilskot til tiltaket frå Direktoratet for naturforvaltning gjennom ordninga «Tilskot til utvalte kulturlandskap». Det vert sendt ut anbod til aktuelle aktørar som ynskjer å gje tilbod på hogst og/eller uttak. Grunneigarar som vil nytte sjansen til å være med på dette prosjektet må ta kontakt med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Informasjonsmøte for prosjekt i Fitjarøyane vert torsdag 1 mars kl 19.00 i kommunestyresalen på rådhuset.

Prosjektplan Sitkagran finn du her

Prosjektplan samordna uttak av Sitkagran fin du her

Les meir

Etablerarkurs

Oppretta: 05.02.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Les meir

Eigedomsskatt

Oppretta: 24.01.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommune vil i perioden 24.01 - 24.02 utføre taksering av nybyggbygg (bustadhus, fritidsbustader, garasjer o.a.) teke i bruk i 2011.
Taksering skjer utan nærare melding.  For spørsmål om takseringa ta kontakt med Fitjar kommune 53458504.

 

Les meir

Litla Kråko - kunngjering av planvedtak

Oppretta: 27.12.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommunestyre godkjente reguleringsplan for Litla Kråko i møte 23.11.2011 i sak PS 65/11.  Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova § 12- 12.

Les meir

Betalingssatsar SFO frå 01.01.2012

Oppretta: 27.12.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommunestyre fastset betalingssatsane for SFO. Sist regulert i kommunestyret 14.12.2011.

Les meir

Kommuneplan Fitjar kommune

Oppretta: 21.12.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ny frist for høyringsuttale til kommuneplanen er sett til 20.01.2012. 

Les meir

Stord kommune overtek skatteoppkrevjarfunksjonen for Fitjar kommune.

Oppretta: 18.11.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Les meir

Resultat frå kommunevalet 2011 Fitjar kommune

Oppretta: 13.09.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ant. stemmeberett: 2,152    Valgdeltakelse: 72.38%  

 

Les meir

Tannklinikken i Fitjar

Oppretta: 06.07.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Tannklinikken er stengt inntil videre.  Ved behov kan ein ta kontakt med tannklinikken på Stord, tlf. 53 40 95 50

Les meir

REGIONALT NÆRINGSFOND 2011 TILDELING BEDRIFTER - NYETABLERINGAR

Oppretta: 15.04.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Samarbeidsrådet for Sunnhordland forvaltar midlar til utvikling gjennom Regionalt Næringsfond.

Fondet er finansiert av Hordaland fylkeskommune og skal medverka til å realisera fylkeskommunale mål for utvikling, særleg innan kompetanseheving, omstilling, nyetablering, innovasjon og nyskaping i næringslivet og tilrettelegging for dette.

Les meir

Skulerute 2011/2012

Oppretta: 14.04.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Skuleruta for neste skuleår er no endeleg fastsett. Den viser elevane sine skuledagar skuleåret 2011-12;  ferie og fridagar gjennom året går også fram av skuleruta.

Les meir

Eigedomsavgifter 1. termin 2011

Oppretta: 15.03.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Eigedomsavgiftene for termin 1/11 vil ikkje være klare for utsending før i slutten av mars.

Les meir

Tid for å søkja plass i kulturskulen

Oppretta: 11.03.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Foto: Helga Rimmereid

Det er no tid for å søkja plass i Fitjar kulturskule. Søknadsfrist er 1. april.

Elektronisk søknadsskjema finn du her

Les meir

Nye Rimbareid – utgreiing om utbyggingsløysingar

Oppretta: 03.02.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Norconsult  no levert sin rapport med utgreiing av ulike utbyggingsløysingar for Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Tysdag 8.feb vert det frå Norconsult si side ein gjennomgang og orientering om rapporten som del av møtet i Utval for Oppvekst og omsorg.  

For å leggja best mogeleg til rette for at mange kan få denne orienteringa med seg, vert denne lagt på slutten av møtet - ca kl 1500.

I dei neste vekene vil så utgreiinga verta politisk handsama i Utval og kommunestyre.

Les meir

Informasjon frå Barne-, ungdoms- og familieetaten

Oppretta: 19.01.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Konsultasjonsteam for vold og seksuelle overgrep.

Les meir

Støttekontakter

Oppretta: 22.09.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommune treng støttekontakter, gjerne ungdom, som kan ta oppdrag ein ettermiddag i veka. Me har funksjonshemma ungdom som treng følgje til ulike aktivitetar.  Du bør helst vera 18 år og disponera bil. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato. Du får løn etter avtale, utgiftdekking og kjøregodtgjersle.  For meir opplysningar kontakt helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen tlf 53 45 85 00

 

Les meir

Innspel til kommuneplanarbeid

Oppretta: 21.06.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Revisjon av Fitjar kommuneplan, arealdelen, vert med dette meldt starta. Det er no høve til å kome med innspel til endra arealbruk. Frist for å kome med innspel er 31. august 2010

Les meir

-

Konkurranse - "Vann i fokus"

Oppretta: 15.06.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Vann-Nett er på jakt etter dine bilder og inviterer til fotokonkurranse om vann.

Alle er avhengig av vann: naturen, byer og tettsteder, strømprodusentene, industrien, landbruket, fiskeri, transport, til bading og ulike friluftsaktiviteter. Vi vil gjerne ha bilder av vannet der du er eller har vært! Bilder av vann i bruk eller bilder av vann som viser tegn på bruk.

Les meir

Biblioteket

Oppretta: 07.06.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Siste opningsdag før ferien vert fredag 25.juni kl.10.00-13.00.
Biblioteket har mykje god sommarlektyre i hyllene. Sommarlån frå 7.juni.
Ferielukking til og med veke 31, så sørg for å ha nok lesestoff til ferien.

Les meir

Rapport nybygg og rehabilitering Rimbareid skule

Oppretta: 04.06.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ei plannemnd har ei tid vore i arbeid med utgreiing og vurdering av situasjonen ved Rimbareid barne- og ungdomsskule.  Plannemnda har no utarbeiddein rapport, og denne er no til politisk hansaming.  Utval for oppvekst og omsorg handsama saka 1. juni, kommunestyre skal handsame planen 16. juni.

Rapporten finn du her.

Les meir

Fly i låg høgde over kommunen

Oppretta: 31.05.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Dei neste vekene vil Norges geologiske undersøkelse gjennomføra omfattende geofysiske undersøkelser i  vårt område. Undersøkelsene vil bli utført ved at innleigde fly krysser over området i aust- vest retning og i en høyde på mellom 60 og 100 meter. Måleprofilene er med 250 meters mellomrom.

Arbeidet vil starta i dei nordligaste områda, Sogn og Fjordane vil dermed vera området som blir undersøkt først, og deretter Hordaland.  Arbeidet vil truleg starte i veke 22 - altså komande veke

Les meir

JUBILEUMSBOKA

JUBILEUMSBOKA

Oppretta: 07.05.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

er å få kjøpt i Kundetorget på Rådhuset!  Pris kr. 400,-.

Bestill gjerne på e-post på kundetorg@fitjar.kommune.no eller på telefon 53 45 85 00.

Boka kan og kjøpast gjennom nettbutikken, den finn du her.

Les meir

Manifest mot Mobbing

Oppretta: 23.02.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar ungdomsråd har siste året hatt ein del fokus på arbeid mot mobbing. Rådet har saman med Stord ungdomsråd m.a. vore med å arrangert "Kjetil og Kjartan-show," ei framsyning som har fokus på arbeid mot mobbing.

I forlenging av dette arbeidet har ungdomsrådet laga eit lokalt manifest mot mobbing.

Les meir

Skuleruta 2010 - 2011

Oppretta: 27.01.2010 – Sist oppdatert 25.03.2014

Vedteken skulerute for skuleåret 2010 - 2011

Les meir

Informasjon om feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Fitjar kommune

Oppretta: 28.09.2009 – Sist oppdatert 25.03.2014

For å ivareta forskriftskrav, vil feietenesta i Fitjar kommune bli noko endra i høve til tidlegare år. Tidlegare år har det vore praktisert feiing kvart år, og tilsyn har vore utført dersom huseigar har bede om dette, eller ved ny installering av eldstad, eller endring av eldstad.

Les meir

Kontakt oss