Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Avfallsplan for hamner

Oppretta: 06.06.2014 – Sist oppdatert 17.07.2014

SIM og eigarkommunane er i ferd med å utarbeida felles avfallsplan for alle hamner i kommunane.

Bakgrunnen for utarbeiding av planen er krav frå Miljødirketoratet jmfr. forureiningsforskrifta kapittel 20.

Planen vil gjelda:
- Alle norske og utanlandske skip, herunder fiskefartøy og fritidsfartøy.
- Alle hamner og kai- anlegg, både offentlege og private.
Bestemmelsane i avfallsforskrifta slår fast plikta til å sørgja for etablering og drift av mottaksordningar for avfall og lasterester i hamn.
Mottaksordningane skal vera tilstrekkelege. Det vil seia at dei skal tilpassast behovet hos dei skip som normalt nytter hamna.
Småbåthamner skal vera innretta slik at den vil kunne tilfredsstilla behovet for levering av avfall frå fritidsbåtar, samt hindra forureining .
Småbåthamner som ikkje bidrar med nødvendige opplysningar til kommunen, må utarbeide eigen avfallsplan.

Meir informasjon finn du her

Kontakt oss