Fitjar Kommune

Vinterstemning på Kalveid

Dagens bilde: Vinterstemning på Kalveid

Foto: Terje Eiken

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Miljøstatus på Stord

Stord og Fitjar på nett med Miljøstatus.

Miljøstatus er ein felles nettportal om miljøtilstanden i Stord og Fitjar kommunar. Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor er ansvarlege for nettsida og miljøkonsulent Turid Verdal er nettredaktør.

Ny Miljøinformasjonslov
Det er den nye Miljøinformasjonslova av 1. januar 2004, som krev at m.a. kommunane skal opplysa innbyggjarane m.fl. om miljøtilstanden. Nettportalen "Miljøstatus på Stord" vil vera ein særs viktig del av dette informasjonsarbeidet frå kommunane Stord og Fitjar.

Døropnar
Miljøstatus på Stordøya gjev deg den nyaste informasjonen om kommunane sin tilstand og utvikling innanfor natur- og miljøvern. Tenesta er til no bygd opp kring tre hovudtema som igjen er delt inn i undertema. Desse tre er; avfall og forsøpling, biologisk mangfald og friluftsliv. I tillegg vil du under 'våre saker' finna aktuelle tema, saker m.m. som er under arbeid. Det vil kontinuerleg bli lagt til nye tema og oppdatert stoff.

Vegvisar til andre Lenkjer
Når du går djupare inn i eit tema, vil du ferdast frå ein meir overordna og lettfatteleg presentasjon i byrjinga og ned til ein meir detaljert, konkret og fagleg omtale av temaet. På dei fleste temasidene finn du òg finna tilleggsinformasjon om gjeldande lover og forskrifter og referansar, med lenker til andre nettportalar som kan gje meir utfyllande informasjon.

Aktuelle brukarar
Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor vonar at nettportalen vert flittig brukt både av politikarar, administrasjon, skular, studentar, næringsliv, grunneigarar og alle andre som har interesse for Miljøtilstanden på Stordøya m.m.

Innspel m.m.
Dersom du har merknader, kommentarar, innspel, tids m.m. til Miljøstatus på Stord, ta kontakt med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor
Lenke til Miljøstatus på Stord

Turistinformasjon

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhende frå denne sida. Registrer deg her

RSS frå kommunen

Kamera

  

Fitjar sentrum nett no

Sjøsio nett no

Kontakt kommunen

Kontaktbilde

 

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no

Innkjøp

Interkommunalt innkjøpsforum