Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Miljøfyrtårnsertifisering

Stiftinga miljøfyrtårn tilbyd miljøsertifisering for små og mellomstore verksemder, både offentlege og private. Sertifiseringa hjelp verksemdene til å drive miljøvenleg og lønsamt. Miljøfyrtårn er ei norsk offentleg sertifiseringsordning, som vert støtta og anbefala av Miljøverndepartementet.

Miljøsertifisering skal vere lønsamt, konkret, relevant og enkelt.

Tiltaka skal vere:

-          lønsame ut frå bedrifta sin økonomi, dei ansatte si helse, bedrifta sitt nærmiljø og miljøet globalt sett

-          konkrete og målbare

-          relevante, og tilpassa den enkelte bransje

-          enkle – effektive, praktiske og brukarvenlege

 

Fitjar kommune satsar på miljøfyrtårn – me ynskjer å ha dykkar verksemd med!

Gjennom arbeid med den kommunale klima- og energiplanen og handlingsplanen har Fitjar kommune sett fokus på miljøfyrtårnsertifisering. Kommunen har vedteke å sertifisere Fitjar rådhus i første omgang og oppmodar andre verksemder  å bli miljøsertifisert. Fitjar kommune ynskjer å profilera miljøsertifiserte verksemder.

 

Også Hordaland fylkeskommune satsar på miljøsertifisering. Dei har m.a. satt som mål at alle offentlege og private verksemder i Hordaland med minst 10 tilsette skal vere miljøsertifisert innan 2020. Minst 25 % skal vere miljøsertifisert innan utgangen av 2013 (Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020, Handlingsprogram 2010-2011).

 

Prosessen

Arbeid fram mot sertifisering

For å verte sertifisert må verksemda oppfylle eit sett generelle bransjekrav, og eit eller fleire sett bransjekrav for den aktuelle bransjen. Saman med ei miljøgruppe i verksemda vil ein konsulent vegleie verksemda fram til sertifisering. Gjennom ein miljøanalyse vert dei felta som treng forbetring identifisert, og konsulenten bidreg med råd til aktuelle tiltak for forbetring. Når verksemda har gjennomført dei nødvendige tiltaka er den klar for sertifisering. Det er vertskommunen som har ansvar for sjølve sertifiseringa. Stord og Fitjar har eigen sertifisør som gjer denne jobben. Sertifisøren si oppgåve er å kontrollere at bransjekrava er oppfylt, ut frå konsulenten sin rapport og besøk hjå bedrifta. Arbeid fram mot sertifisering tar vanlegvis 2-6 månadar.

 

Vidare arbeid etter sertifisering

Verksemder som er sertifiserte skal årleg levere miljørapport. Til denne følgjer miljøhandlingsplan for det komande året. Konsulenten skal bidra til at det vert etablert rutinar for føring av miljørapportar. Miljøfyrtårn- sertifiseringa er gyldig i 3 år, etter tre år treng verksemda ei resertifisering. Verksemda vil få melding at det er tid for resertifisering i god tid før fristen. Resertifisering skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande bransjekrav.

 

Praktisk info

Bransjekrav:

Alle verksemder skal oppfylle generelle bransjekrav:

http://rapportering.miljofyrtarn.no/CrystalReport/BransjekravPDFs/0.pdf

I tillegg skal verksemda oppfylle minst eit sett spesifikke bransjekrav (sjå oversikt): http://miljofyrtarn.no/index.php/nyheter/224-informasjon-om-revisjon-av-bransjekravKonsulenten vil bidra med å finne rette sett med krav. Konsulenten vil gå gjennom krava saman med verksemda, og vegleie i prosessen med å oppfylle desse.

 Konsulent:

Før sertifisering må ein nytte ein godkjend miljøfyrtårnkonsulent. Større verksemder kan nytte t.d. miljøansvarleg som internkonsulent, denne må då gjennomføre stiftinga sitt konsulentkurs.

Godkjende konsulentar finn de på (søk etter konsulent):

http://www.miljofyrtarn.no/index.php?option=com_sobi2&sobi2Task=search&Itemid=9999

De kan og nytte søkefunksjonen t.d. til å finne andre verksemder innan dykkar bransje som er sertifisert.

Kostnadar:

Sjå informasjon om prisar og gebyr på stiftinga sine nettsider:

http://www.miljofyrtarn.no/index.php?option=com_content&task=view&id=80&Itemid=90

Vidare info:

For vidare informasjon om sertifisering som miljøfyrtårn sjå stiftinga sine nettside www.miljofyrtarn.no. Har de spørsmål så ta kontakt med konsulent, eller kommunen sin kontaktperson.

Kontaktperson for miljøfyrtårn i Fitjar kommune er Ingunn Varanes.

Ta kontakt på telefon 53 45 85 34 eller e-post ingunn.varanes@fitjar.kommune.no.

Kontakt oss