Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane
20.08.2007
Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser igjen i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite. Dette øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde). I dag er tilstanden varierande. Her er fast busetting på 4 av øyane. På 2 av dei har det vorte fastbuande dei siste åra. Nokre øyar er planta til, det er bygd hytter, nokre er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke dei siste åra. Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek i vare dette verdifulle kulturlandskapet i øyane. Me treng hjelp frå Dykk som er brukarar og eigarar, for å vite kva tankar og ynskjer De har om moglege aktivitar/tiltak i Fitjarøyane?
Spørjesjema
Voner du vil nytta litt tid på å svara på spørsmåla under (trykk på lenka til spørreundersøkinga)
Eller fyll ut eit spørjeskjema til SFLMK, Postboks 83, 5418 Fitjar. Spørjeskjemaet kan du og få ved å venda deg til Fitjar kommune.
Ta kontakt med underteikna om du har spørsmål!
SFLMK
Aase Nøttveit
asno@fitjar.kommune.no
Fitjar kommune: 534 58500