Spørjeskjema: til aktuelle bedrifter/næringsliv i Fitjar
05.09.2007
Dette spørjeskjemaet er ein del av ”Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane”. Som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting. For å skissera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, så ynskjer me å vita kva samarbeid som kan være mogeleg mellom næringsliv/bedrifter og eigere/ brukere i Fitjarøyane.
Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser att i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite. Dette øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde). I dag er det m.a. hytter, gardsbruk, som vert nytta som fritidsbustad, samstundes er det no fast busetting på fire av øyane. Båtturismen har auka dei siste åra. Nokre øyar er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke.
Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek vare på dette verdifulle kulturlandskapet i øyane.
SFLMK har tidlegare sendt ut spørjeskjema til eigarar og brukarar av landbrukseigedomar og fritidsbustader i same området. Eit spørsmål var rett mot kjøp av varer og tenester.
Spørjeskjema
Voner du vil nytta litt tid på å svara på spørsmåla under (trykk på lenka til spørreundersøkinga)
Eller fyll ut eit spørjeskjema til
SFLMK, Postboks 83, 5418 Fitjar.
Spørjeskjemaet kan du og få ved å venda deg til Fitjar kommune.
Svarfrist : fredag 14.september
Ta kontakt med underteikna om du har spørsmål!
SFLMK
Aase Nøttveit
asno@fitjar.kommune.no
Fitjar kommune: 534 58500