Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Hjortekveld

Hjortekveld

09.09.2007

Tysdag 4. september møtte det opp omlag 60 grunneigarar og jaktinteresserte frå Stordøya på Fitjar vidaregåande skule for nokre timar med hjortaprat

Tema for kvelden var:

  • Oppsummering av jakta 2006 - felte dyr, bestandsstørrelse, kjønns- og aldersfordeling
  • Informasjon om jakta dette året - avskyting, rutinar om ettersøk og fokus på human jakt
  • Overvakning av hjortebestanden på øya - jaktstatistikk, "sett-hjort", slaktevekter, vårteljingar
  • Helsetilstanden hjå hjort med hovudvekt på flått og flåttborne sjukdommar - Arne Oftedal v/ Mattilsynet
  • Politietsi rolle i hjortejakta - Lensmann Svein Lunde
  • Opplegg om ettersøk - Vidar Lillevik, Stord ettersøkslag
  • Videosekvens frå jakt i Åkrafjorden - Vidar Lillevik

Arne Oftedal prata om hjorten sin versjon av skrapesjuke/kugalskap - Cronic Wasting Disease (CWD).. Den er ikkje registrert i Noreg, og heller ikkje i Europa. Mattilsynet har ansvar for å ta prøvar av hjort for å bekrefte at sjukdommen framleis ikkje er spreidd til Noreg. Arne Oftedal oppmoda jegerar til å ta kontakt med Mattilsynet (tlf. 06040), slik at dei kan komme ut å ta hjerneprøvar av hjorten. Han informerte om at hjortane kan vera 3-4 dagar gamle, så lenge skrottane er godt tatt vare på (kjølig).

Det var fleire positiv tilbakemeldingar programmet denne kvelden, og SFLMK satsar på å forsetta å arrangera hjortekveld før jaktstart neste haust også !

SFLMK som arrangør ønskjer gjerne å få tips om tema som kan takast opp på neste hjortekveld.

Kurs i partering av hjort
Dersom det er mange nok interesserte, vil SFLMK i samarbeid med FVG arrangera nytt kurs i partering av hjort no i haust.

All informasjon m.m. frå hjortakvelden vert lagt ut på heimesida til kommunene (foredraga vil leggjast ut på www.miljostatus.no/stord -hjorteforvaltning).

Påmelding til SFLMK innan 1. oktober.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no