Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Hjort 2011 i Florø

23.06.2011

Då nærmar det seg sommarferie for mange, og rett på andre sida av ferien ventar eit anna av seinsommarens høgdepunkt – nemleg seminaret Hjort 2011 i Florø! Som utvald hovudtema i år, spør vi oss korleis vi kan engasjere grunneigaren og jegeren meir i forvaltninga enn kva tilfellet er i dag – eit tema som burde engasjere breitt og ha mange innfallsvinklar.

 

Vi har ei rekkje spennande namn på blokka både frå inn- og utland, og her er nokre smakebitar:

 

Tysdag 30. august: Seminar-førespel på kveldstid med foredrag av filmskapar Kristoffer Clausen i Florø samfunnshus. Clausen er i dag Skandinavias mest profilerte jaktfilmprodusent, og sette søkjelys på hjort og hjortejakt sist år, gjennom prosjektet ”En Vill Mann”, der han budde utandørs etter sjølvbergingsprinsippet eit heilt år på Frønningen ved Sognefjorden.

 

Etter film og videoshow blir det hjortepub på utestaden Hagen i Florø sentrum, med hjortepizza og hjorteøl på menyen.

 

Arrangementa er opne for alle og blir skipa i samarbeid med Flora Jeger og Fiskerforening.

 

Onsdag 31. august: Vi opnar fagleg myldretorg i Flora samfunnshus, og på scena blir det føredrag med stor spennvidde: Mike Cottam frå Scottish Natural Heritage snakkar om hjorten si forvandling, frå å vere sett på som irritasjonsmoment og skadedyr til å bli ein merkevarebyggjar for småkommunar ute i distrikta.

 

DN orienterer om nye jakttider og vi set søkjelys på flåttproblematikken, med m.a. føredrag av Dr. Rory Putnam frå Skottland.

 

Det blir festmiddag på Svanøy på kveldstid.

 

Torsdag  1. september: Fagleg myldring og nye føredrag. Siste nytt frå dei siste merkeprosjekta, samt fokus på den nye feltkontrollørordninga og diskusjon rundt aktuelle tema som nattjakt og vinterforing. Det blir avslutning av det opne programmet med lunsj. Deretter er det samling for kommunane med eige program frå kl. 14.

 

Vi håpar programmet fell i smak, og at du tek turen til Florø! Påmeldingsinformasjon finn du på svanøyportalen eller du kan sende ein e-post til hjort@svanoy.com

 

Eit detaljprogram for konferansen vil bli lagt ut på www.hjortesenteret.no i løpet av sommaren.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no