Informasjon frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor
Vi du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over?
16.07.2010
Fordi du skal trivast – møt ein fadder som driv og har svar på spørsmåla dine!
Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar vert rekruttert, og får påfyll av kunnskap. Gjennom dette prosjektet vil vi få meir trivnad, auka kompetanse, tettare fagmiljø og meir samarbeid (t.d. sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar og mykje meir). Prosjektet legg til grunn et tett samarbeid med andre rådgjevingsteneste. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og ”fadderelevane/ nystartarar” vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad frå hovudprosjektet Landskap i drift til enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.
Lokal forskrift om bandtvang vedtatt
22.06.2010
Fitjar kommunestyre vedtok 16.06.2010 forskrift om lokal bandtvang i Fitjar kommune. Forskrifta vert gjort gjeldande frå 01.07.2010.
Forskrifta vert innan kort tid tilgjengelig på www.lovdata.no.
Informasjonsskriv frå SFLMK våren 2010
10.05.2010
Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har nyleg sendt ut informasjonsskriv til gårdbrukarar m.fl. i Stord og Fitjar.
Informasjonsskrivet kan du lese her.
Ny forskrift om minsteareal for tildeling av hjorteløyver
08.07.2009
Ny forskrift om minsteareal for tildeling av hjorteløyver i Fitjar kommune vart godkjend 28. mai 2009, og er gjort gjeldande frå 1. juni 2009.
Klima- og energiplan for Fitjar kommune
08.07.2009
Klima- og energiplan for Fitjar kommune vart vedteken av kommunestyret 17.06.2009. Planen skal vera ein reiskap som tek heilskapsomsyn i saker som vedkjem energi og klima i Fitjar kommune.
Offentleg høyring - forskrift om minsteareal for tildeling av fellingsløyve på hjort i Fitjar kommune
27.02.2009
Framlegg til forskrift om minsteareal for tildeling av fellingsløyve på hjort i Fitjar kommune, er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen er sett til 27. mars 2009.
Informasjonsskriv frå SFLMK desember 2008.
22.12.2008
Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor sendte i desember ut informasjonsskriv nr 2 2008 til gardbrukarar m fl. i Stord og Fitjar. Her finn du informasjon om avløysartilskot, Kulturlandskapsmidlar i 2008, div info om kurs, nytt frå skogen, info om hjortejakta 2008 og ei oversikt over dei tilsette og deira oppgåver.
Hjortakveld for Fitjar og Stord
28.08.2008
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFMLK) inviterte til hjortakveld for grunneigarar/jegerar og andre interesserte i Stord og Fitjar.
Tid: Onsdag 3.september 2008 kl 19:00
Stad: Vikahaugane Sportssenter (auditorie), Leirvik
Det møtte opp ca. 40 grunneigarar og jaktinteresserte for eit par timar med hjorteprat.
Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn
10.07.2008
Framlegg til forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 30. august.
Siste nytt –Rapport for biologisk mangfald tilgjengleg for ålmenta
10.07.2008
Kartlegging av biologisk mangfald på Stordøya er no utbetra med den ferske rapporten Naturtypar i Stord og Fitjar (Moe og Fadnes 2008). Tidlegare er det gjennomført ei kartlegging av viktige viltormåde- Viltet på Stord (Steinsvåg og Overvoll 2004).
Informasjonsskriv frå SFLMK juni 2008
27.06.2008
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor har laga informasjonsskriv til alle gardbrukarane m.fl. i kommunane Stord og Fitjar.
Søknad om midlar til spesielle tiltak i jordbruket
26.06.2008
Sluttfordelinga av årets SMIL midler vert gjort etter
ny søknadsfrist, 15 oktober 2008 !!
Me ynskjer fleire søknader i 2008, så om du har planer om tiltak så send inn ein søknad allereie no.
Faktaark frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor Tema: Rydlandssago
15.02.2008
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontoret har utarbeida et faktaark om Rydlandssaga. Dette etter ønske fra lokalbefolkninga. Faktaarket innheld m.a. Kjenneteikn, Historikk, og informasjon om friluftsliv i området.
Informasjonsskriv frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor
18.12.2007
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor har utarbeida eit informasjonsskriv som inneheld m.a.
Klima og energiplanarbeid i Stord og Fitjar kommunar
SMIL og NMSK midlar for 2007
Informasjon om hjortejakta 2007
Endringar ved SFLMK - redusert bemanning
Oppsummering hjortejakta 2007 i Stord og Fitjar
18.12.2007
Hjortejakta 2007 har vore ein god sesong. Mange dyr er skote og få ettersøksekvipasjar har vore ute.
Det har vore ein høg fellingsprosent i begge kommunane, Stord - 81,1 % og Fitjar - 88,1 %. Dette er positivt for forvaltninga av hjortestamma på Stord.
SFMLK har laga ein kort oversikt over resultata frå hjortejakta 2007 i Stord og Fitjar kommunar.
Miljøjournalisten
17.09.2007
Miljøstatus har saman med Avis i skolen og lærarar i den vidaregåande skule laga arbeidsheftet Miljøjournalisten. Heftet kombinerar miljø og journalistikk, og egnar seg for mange fag i ungdoms- og vidaregåande skule.
Hjortekveld
09.09.2007
Tysdag 4. september møtte det opp omlag 60 grunneigarar og jaktinteresserte frå Stordøya på Fitjar vidaregåande skule for nokre timar med hjortaprat
Ope møte - Næringsutvikling i Fitjarøyane
07.09.2007
Kva kommer til å skje med Fitjarøyane ?
Landskap - friluftsliv - landbruk - næring
Sted: Fitjar kulturhus
Tid: torsdag 20 september, kl. 19:00
Ei gruppe som består av grunneigarar i øyane, Fitjar bondelag, Friluftsrådet Vest, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har arbeid med "forprosjekt for Næringsutvikling i Fitjarøyane". Ansvarlig for prosjektet er Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK).
Brukarar, eigarar og bedrifter har fått tilsendt spørjeskjema som er grunnlag for ei viktig kartlegging av planar, tankar og ønskje som dere som brukarar har for Fitjarøyane. Takk til alle som har svart og på den måten gitt oss viktig informasjon.
Spørjeskjema: til aktuelle bedrifter/næringsliv i Fitjar
05.09.2007
Dette spørjeskjemaet er ein del av ”Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane”. Som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting. For å skissera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, så ynskjer me å vita kva samarbeid som kan være mogeleg mellom næringsliv/bedrifter og eigere/ brukere i Fitjarøyane.
Hjortejakta starar måndag 10. september !
05.09.2007
Hjortejakta i Stord og Fitjar kommunar startar opp frå og med 10. september.
Tilsaman har valda fått tildelt 222 løyve for jakta 2007, noko som er ein auke på 11 hjorteløyve frå jakta i 2006.
Hjortakveld for Fitjar og Stord
29.08.2007
Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFMLK) inviterar til hjortakveld for grunneigarar/jegerar og andre interesserte i Stord og Fitjar.
Tid: Tysdag 4.september 2007 kl 20:00
Stad: Fitjar vidaregåande skule
Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane
20.08.2007
Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser igjen i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite. Dette øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde). I dag er tilstanden varierande. Her er fast busetting på 4 av øyane. På 2 av dei har det vorte fastbuande dei siste åra. Nokre øyar er planta til, det er bygd hytter, nokre er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke dei siste åra. Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek i vare dette verdifulle kulturlandskapet i øyane. Me treng hjelp frå Dykk som er brukarar og eigarar, for å vite kva tankar og ynskjer De har om moglege aktivitar/tiltak i Fitjarøyane?
Spørjeskjema til hytteeigarar og andre brukarar av Fitjarøyane
29.08.2007
Dette spørjeskjemaet er ein del av Forprosjekt næringsutvikling i Fitjarøyane. Som Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) har ansvaret for. Prosjektet som m.a. vert støtta av Fylkesmannen i Hordaland si landbruksavdeling, har nye næringar og arbeidsplassar, knytt til kystlandskapet vårt, som målsetting. Tiltaket vil også involvera deg (hytteeigar og båtfolk), som ynskjer framgang i regionen og ikkje minst eit velstelt landskap i Fitjar. For å skissera gode tiltak for auka bruk, samstundes som kulturlandskapet vert teke vare på, så ynskjer me å vita kva tankar og ynskjer eigarar av fritidseigedomar, båtfolk m.fl. har, om aktivitet/tiltak i Fitjarøyane?