Fitjar kommune 150 år - Kjøp jubileumsboka her

Kveldssol over Fitjarvika

Dagens bilde: Kveldssol over Fitjarvika

Foto: Håvard Oma Sele

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Kyrkjelege handlingar

 

Dåp
Dei som ønskjer dåp tek kontakt med kyrkjekontoret for å avtala ein dato. Barnet skal ha minst to fadrar, maksimum seks.

Fadrane må vere medlem av Den Norske Kyrkja eller evt. eit kyrkjesamfunn som står for barnedåp. Dåpen skjer normalt i høgmessa på søndagar, men i særskilte høve kan ein også leggje dåpen til eiga dåpsgudsteneste. Ca. 14 dagar før før dåpsdagen tek foreldra kontakt med presten for å avtale tidspunkt for dåpssamtale.

Vigsel
Dei som ønskjer å gifta seg må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dato for bryllupet. Så må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira får ein ved å venda seg til folkeregisteret der ein bur. Ein leverer dei  ferdig utfylte papira til folkeregisteret.
Brudepar der begge bur utanfor Fitjar sokn lyt frå 1.09.07 betala 2300,- for prestetenester.

Gravferd
Det vanlege er at ein etter eit dødsfall tek kontakt med kyrkjekontoret ved prest eller kyrkjeverje, evt. eit gravferdsbyrå. Presten vil ta kontakt med dei pårørande for samtale. Betalingssatsar ved gravferd der avdøde var busett i ein annan kommune vert oppgjeve når det er aktuelt.

 

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no