Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Ulovleg bygging

Oppretta: 25.01.2016 – Sist oppdatert 25.01.2016

Kommunane har etter plan- og bygningslova § 32-1 plikt til å fylgja opp moglege ulovlege tiltak som vert oppdaga eller ein vert gjort merksam på.  Fitjar kommune orienterer med dette om at kommunen vil starta med kontroll av byggesak på eit avgrensa tal eigedommar utover vinteren og våren.

Arbeidet er vedteke i kommunestyresak PS 14/14 og heimla i plan- og bygningslova § 31-7.  Arbeidet vil i første omgang bestå i utvendig synfaring av ymse tiltak, av legitimert personell. Ein ser ikkje behov for at eigar er til stades.

Dersom det oppstår mistanke om moglege ulovlege tiltak vil kommunen ta kontakt med den det gjeld, og om nødvendig be om ytterlegare tilgang til eigedommen.

Kontakt oss