Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Ny forskrift om nedgravne oljetankar

Oppretta: 28.11.2015 – Sist oppdatert 30.11.2015

Fitjar kommunestyre har vedteke ei forskrift som gjer at føresegnene i forurensningsforskriften kapittel 1 gjeld for alle tankar, uavhengig av storleik, i heile Fitjar kommune.


Les lokal forskrift her.

Les forurensningsforskriften her.

 

Etter føresegnene må eigar eller ansvarleg for tanken melda følgjande informasjon til kommunen:

  • Tankens storleik
  • Konstruksjon
  • Korrosjonssikring
  • Alder
  • Kartplassering

 

Ansvarleg for ny tank skal melda tilsvarande informasjon til kommunen seinast ein månad før tanken blir grave ned. Kommunen skal òg ha melding om tank som blir teken ut av bruk. Les meir her.

 

Det er krav om regelmessig kontroll av tankar. Kontrollrapportar skal meldast til kommunen. Les meir her.

 

Spørsmål om ordninga kan rettast til brannsjefen. Innmelding av tankar kan gjerast til fitjar@fitjar.kommune.no eller Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar.

Kontakt oss