Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Helste innbyggjarane med nyttårstale

Oppretta: 05.01.2015 – Sist oppdatert 05.01.2015

Sundag 4. januar haldt ordførar Wenche Tislevoll sin nyttårstale til innbyggjarane, i samband med juletrefesten i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her kan du lesa talen.

 

Kjære Fitjarbuarar, kjære vener!

 

Eg vil starta som vår kjære statsminister Erna Solberg:

 

Kjære alle saman! Me mennesker er til for kvarandre.

 

Mor og fars kjærlige omsorg for sine barn. Omsorga for kvarandre i samlivet. Naboens hjelpande hand. Kollegaens støttande ord. Ditt bidrag til lokalsamfunnet.

 

Å gje av seg sjølv til andre er ei kraft i oss alle. Den gjer oss til heile mennesker. Du ser den overalt. Hos andre og i deg sjølv

 

Me har lagt bak oss 2014 og me er allereie nokre dagar inn i 2015. 

 

Me var pr. 1.10.  3069 Fitjarbuarar, det er 60 fleire enn når me gjekk inn i året.   Det er ein gledeleg auke, og me gjer også noko ekstra for å få nye og ta vare på dei nye innbyggjarane våre. Kvar og ein blir besøkt av ein frå nabolaget med ein innbyggjarpakke. Me har også hatt internasjonal helg og innbyggjarfest. Me er med på Sunnhordlandstreff for å få studentar til å koma tilbake til Sunnhordland etter endte studiar.

 

Grunnlovsjubileumet  har vore eit gjennomgåande tema dette året.  På 17. mai, på  Håkonarspelet, med historisk foredrag,  der alle ordførarar og rådmenn i Sunnhordland var invitert. Har vore tema i skulane og i barnehagane.   Eg var så heldige å få gå i prosesjon med alle ordførarane i landet, frå Stortinget og opp til Slottet.  Med bunad og ordførarkjede og fekk helsa på Kongen, Dronninga, Kronprinsparet og Dronning Astrid.  Det var ein stor oppleving.  Eg skal rama inn invitasjonen frå Kongehuset.

 

Kommunereform er noko anna som har prega dette året og vil prega det komande. Som ansvarlige politikarar så må me gjera eit grundig arbeid der me ser på kva me er gode på og kva som er utfordrande i vår kommune. Me må   sjå på korleis me kan vera i stand til å ivareta tenestene til innbyggjarane vår i lang tid framover.  Ein skal oppleve at i kommunen ein bur i kan tilby tenester ein har krav på – liten som stor, gamal som ung.  Eg håpar de som innbyggjarar engasjerer Dykk i dette.  Det skal haldast folkemøte i kultursalen onsdag 11. februar der dette er tema og fylkesmann Lars Sponheim vil m.a. vera foredragshaldar.

 

E39 Stord – Os – midtre trase blei valgt for eit år sidan.   I Sunnhordland har det vore mykje diskusjonar kor brua skal kryssa Langenuen. I Os går drøftinga på korleis brua skal koma inn mot Os, anten over/under Øyane eller inn ved Bjørnatrynet.   Det er gjort vedtak i SRS, einstemmig av alle ordførarar og rådmenn, om å venta til planprogrammet er utarbeida slik at me skal på grunnlag av kunnskap kunne tala med ei samla røyst.  For SVV er dette eit stort prosjekt og for ordførar så er det mange møtepunkt der ein skal delta, både i regi av SVV og HFK.  Det har også vore halde 3 folkemøter om dette. Samt eit næringsmøte i regi av Fitjar kommune og næringsrådet.   Eg hoppa endåtil i havet for denne saka tidleg i Mai. 

 

Arbeidet med vegen frå Vistvik – Engevik er godt igong og skal vera heilt ferdig i løpet av eit års tid.  Reguleringsplan frå Engevik – Sandvikvåg er stadfesta.  Håpar på vidare anleggsarbeid på den traseen når første del til Engevik er utført. 

 

Bompengesøknaden Stord si vestside blei vedtatt utvida. Utan utviding av innkreving bompengar på ferja Sandvikvåg- Halhjem ville det ikkje vera mogleg å få ferdiggjera Rimbareid – Vik, utbetra ved Rydlandssaga eller frå kryss Fitjar sentrum til Kyrkja.  Arbeidet med Sagvåg Bru skal starta i vår, arbeidet Rimbareid – Vik om ca. eit års tid. 

 

Tryggheten til innbyggjarane våre er viktig:

 

Trafikksikringsplan blei vedtatt på våren, og nokre tiltak er utførte – spesielt i sentrum med fortau og lys ved REMA, fartshump og lys ved overgang Larsen.  Busskur ved Fitjartun.   60 grense i Hungersdalen.  Me har også fått fleire gatelys, frå Reino til Breiavikjo og i Dalen.    20 gatelys under montering på Helland, der me også har fått utvida vegen i ei strekkje på nærare 100 m. I Sælevik er det også lys under montering.  Me håpar å få gjort ein god del også i år.

 

Fitjar kommune har investert i ny mannskapsbil til brannvesenet og frigjeringsverktøy skal kjøpast inn i i løpet av året.

 

Når det gjeld informasjon så er me i kommunen  blitt betre.  Vil nemna tekstmeldingar til innbygjarane ved viktige og alvorlige hendingar.  Kanskje det var med å hjelpte til at skadane ved stormen/orkanen i August ikkje blei så store. 

 

Den største hendinga i fjor var opning av Nye Rimbareid Skule – ein funksjonelle, flotte og fargerike skule og eit fantastiks uteområde som me er kjempestolte av.  Elles så er de gjort store vedlikehald på Øvrebygda skule også  og den er blitt minst like fargerike !!  Det viser seg at det var rett av HFK å satsa på FVG, det var den skulen i fylket som hadde mest auke i søkjarar i 2014, heile  25 %. 

 

Me har også opna Seniorsenter her i kulturhuset og ymse aktivitetar er allereie starta opp.  BlomsterMalvins plass er opna, likeså Galleri Losjen.  Aktivitetar i Galleri Losjen vil bli annonsert etter kvart.

 

Me skal også få flyktningar til Fitjar i 2015 – der må alle gjera sitt beste for å få dei integrert i lokalsamfunnet.  Elles så har utfordringar med bustadar for vanskelegstilte vore ei utfordrande sak dette året og noko me må arbeida kontinurleg med.

 

Innan førebygging blir det satsa, det er viktig at dette startar før fødsel og vidare livet igjennom… Til neste år vil det bli sett igong eit forebyggjande program i barnehagane « Å vera saman» Helsestajonen er styrka med helsesøster og skulehelsetenesta.  Frivilligsentralen er styrka for å få ei god ordning med SLT-kordinator. Og ikkje minst har me fått MOT i skulen.  MOT til å leva, MOT til å bry seg, MOT til å sei nei.  Fallførebuande kurs for eldre er også gjennomført med stor deltakelse. 

 

2015 er friluftslivets år, målet er å koma seg meir ut i naturen.  Dette året skal me ha fokus på friluftsaktivitetar.  Då skal me som ordførarar gå føre med eit godt eksempel.  Ordførar på Stord har bedt ordførarane i Sunnhordland om å liggja ute frå fredag til laurdag fk. helg.  Det er no 5 ordførarar som har takka ja. 

 

Friluftsrådet Vest gjer ein godt arbeid i Fitjar og det er lagt til rette for nye tiltak på Teløya, flytebryggjer i Pidlapådlen og ein tilkomst i Teløyhavn.  Det skal lagast turstiar som bind dei ulike områda på Teløya saman. Parkeringsplass i Vistvik skal og opparbeidast.

 

Me håpar at me i løpet av 2015 skal få opna opp vegen til Olstjødno for trafikk. Fleire vil koma seg lettare til fjells.  Dette vil vera med å bidra til å betra folkehelsa.  Då vil ein også kunne få på plass andre tiltak som lysløype rund Olstjødno og kanskje eit enkelt skitrekk.

 

Me kom på 96 plass i nærings VM.   Slett ikkje verst for ein så liten kommune som Fitjar.  Strategisk næringsplan blei vedtatt i fjor.

 

Me har eit godt samarbeid med Atheno og har arrangert 2 næringssamlingar i fjor med aktuelle tema – det siste med tema Attraktive Fitjar…..og det må me vera enige om at me er og skal jobba aktivt med å vera!!  Handel var eit tema og for å ha dei tilboda me allereie har, må me nytta oss av dei.  Eg er veldig glad for at det blir jobba aktivt for å få i drift kafeen att.

 

Me er ein jordbrukskommune, kanskje på sin plass at det på floren på Rydland går ein kalv som no heiter Wenche.  Me haustar også no vind, Midtfjellet Vindkraft er i full produksjon.  Det er frå MV sendt inn søknad til NVE om fortetting av parken på inntil 12 nye møller.  Då vil ein ha nytta konsesjonen fult ut. 

 

Inntekta frå parken på 8,5 millionar veit eg ikkje korleis me skulle greid oss utan.  

 

Innan kultur skjer det mykje  - kulturminneplanen er nesten på plass !!  Sommarrevyen, Fitjarfestivalen, Håkonarspelet og Sogekveld var av dei største arrangementa i fjor. Og me er glad for å ha eit Kulturhus som er fullspekka med aktivitetar.

 

Kva skulle me gjort utan den frivillige innsatsen  ?? I det heile er det svært mange lag, organisasjonar og enkeltpersonar som legg mykje tid og arbeid i å gjera lokalsamfunna ytterligare betre, og som bidrar til kulturlivet på ymse vis.  Ei stor takk til Dykk alle. 

 

Stolte av å vera frå Fitjar og eg vil nevna nokre prestasjonar:

 

Mariann Vestbøstad Martinsen – vant gull og bronse i Paralympics.  Fekk regjeringas paralympiske ærespris i april.  Og me hadde ein flotte Gullfest 1. mai.  Ho er blant dei nominerte til årets kvinnelige funksjonhemma idrettsutøvar og til årets namn.  Ho vant verdenscupen både i 2012 og 2014. 

 

Yngve Andre Strand – vant NM crosscart samanlagt – Fitjar Racing Team gjer det godt i mange greiner og i ulike mesterskap.  

 

2000/2001 jentelaget vann pulja si og deltok dermed i kretsmesterskapet, dei er dermed blant dei 4 beste i Hordaland, slettes ikkje verst.

 

Tone Sandtorv Brakedal - deltok på 2 store stevner i fjor vår med gode resultat. I NM i aldersbestemte klassar i Bærum og i Tyrvinglekane.  Gull på 80 meter hekk med tida 12:15 som er nest beste tida i landet.  Greide også 5,36 i lengde og kvalifiserte seg dermed til senior NM.  Var så uheldige å ryka korsbåndet på Danacup i sommar.   Skal snart operere og håpar å kunne konkurrere igjen til hausten.

 

Med glede kunne sjå at A-laget greide seg godt i 4. divisjon. 

 

Fitjar Skulekorps fekk 2 plass i NM 2. div. brass i Trondheim. Vant også Bømloblåsen og kom heim med solistpris.

 

Osternes Mannskor har feira 80 års jubileum og er ein sprek jubilant.  Var i Trondheim og song Salmeboka minutt for minutt som blei sendt på fjernsynet.

 

Så vil eg avslutta som statsministeren:

 

2015 ligge føre oss. Nå har me alle moglegheten til å gjera en forskjell. Du kan, med din vilje og kraft, gjera ein forskjell. For naboen, kollegaen, for lokalsamfunnet eller internasjonalt.

 

Mange små handlinger er det som gjør Fitjar og Norge og verda litt betre.

 

Vil ynskja Dykk alle eit godt og framgongsrikt nytt år. 

 

Wenche Tislevoll
ordførar

Kontakt oss