Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kunngjeringar

Tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn

Språkrådet forvaltar ei tilskottsordning for innsamling og registrering av 
stadnamn. Midlane er avsette i statsbudsjettet, og i år er det 1 540 000 kroner som skal fordelast på ulike stadnamnprosjekt. 

travel-2650303_640

Feil ved fakturert eigedomsskatt

Eigedomar med årleg eigedomsskatt på mindre enn kr 300 skal ikkje fakturerast for eigedomskatt, men det er diverre skjedd ein feil, slik at nokre slike eigedomar er fakturert for eigedomsskatt likevel. Desse vil bli kreditert rett over påske. 

Rådhuset

Offentleg høyring: Mindre endring av Detaljregulering for Hellandsjøen PlanID201301

Utval for plan og miljø (PMU) fatta vedtak i møte 23.01.2024 om planendring etter forenkla prosess av detaljregulering Hellandsjøen PlanID201301.  PMU vedtok med heimel i PBL §§12-11 og 12-14 at planendringa kan gjennomførast som mindre endring og at planframlegget kan sendast på høyring.

Plankart

Melding om oppstart av planarbeid - Detaljregulering for gnr./bnr. 61/399 m.fl., Drageidpollen - Kråko, Fitjar kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at ABO Plan & Arkitektur Stord på oppdrag for Grønavikjo Utvikling AS, v/Frode Fitjar, set i gang arbeid med detaljregulering for Drageidpollen gnr./bnr. 61/399 m.fl., Planid 202302, Fitjar kommune. 

Oppstartsmøte er gjennomført 21.03.2023. Oppstart av plan er handsama av utval for plan og miljø, med vedtak om at det kan meldast oppstart av planen (Sak 54/23, 14.11.2023).

Drageidpollen

Digitalarkivet - Fitjar kommune sitt scanna arkiv

På Digitalarkivet finn du arkivmateriale frå Fitjar kommune som er digitalisert. Materiale som er eldre enn 100 år er fritt publisert, arkiv som er yngre enn 100 år krev individuell brukartilgang. 

Digitalarkivet Fitjar kommune

Rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA)

Kommunestyret vedtok i møte 28.09.2022 å starta opp arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel, og den 21.06.2023 å senda planprogrammet på høyring.  Planprogrammet for rullering av kommuneplanen sin arealdel vart fastsett i kommunestyret 21.11.2023.

informasjon om folkemøte