Søknad om tilskot frå spelemidlane
Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv og til lokale/regionale kulturbygg. Tilskotet, saman med dugnad og rabattar, gjer det mogleg for laga å finansiera bygging av anlegga.
Idrettslag, andelslag, velforeiningar og andre samanslutningar som ikkje har næring til føremål, kan søkja om tilskot.
Nærare informasjon:
Det kan søkjast innan fire stønadskategoriar:
Ordinære anlegg for idrett og friluftsliv (medrekna rehabilitering og helsesportsanlegg)
Nærmiljøanlegg
Forenkla ordning
Lokale/regionale kulturbygg
Søknadsskjema
Søknadsskjema ligg inne på kvar enkelt av tenesteomtalane (lenkene) over.
Hugs at søknader skal sendast gjennom den kommunen som anlegget ligg i.
Informasjon:
Fitjar kommune
v/Elise Aarbø eller Tore Nesbø
Postboks 83, 5418 Fitjar
Tlf: 53 45 85 00
Fax: 53 45 85 01
E-post: elise.aarbo@fitjar.kommune.no


