Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Idrett i Fitjar

Fitjar Idrettslag

Fitjar IL har ei rekkje med gode tilbod til fysisk aktivitet her i bygda.
I dag kan ein melde seg inn i treningssenteret med egentrening og instruktørar, eller ein kan byrje på badminton for å vere med i turneringar. Fitjar IL kan tilby fotball, handball, turn, treningssenter, friidrett, badminton og orientering.

Heimesida deira med meir informasjon, finn du her.

Fotball

  • A-laget
  • Damelaget
  • G-19
  • G-16
  • G-14
  • J-16
  • J-15
  • J-13
  • G-12
  • G-11
  • J-11

Leiar i styret: Gisle N. Levåg
E-post: gisle.levaag@gmail.com
Telefon: 47 01 82 32

 

Friidrett
På vinterhalvåret føregår friidrettstreninga innandørs, medan på sommarhalvåret føregår den på Fitjar idrettspark.
Om du er med på friidrett får du allsidig trening med alt frå spenst, hurtighet, kondisjon og koordinasjon.
Friidrettsgruppa til laget har aktive i alle aldrar, frå dei minste rekruttane som er under 10 år, til spanande talent i ungdomsalderen, og aktive seniorar/veteranar i høg alder. Og det fine er at ein kan trene ilag.
Gjennom heile sesongen kan ein delta i ulike stevne, som f.eks. Maileikane i Haugesund, som er eit av årets høgdepunkt. Samstundes har ein lokale klubbstevne med jamne mellomrom der du får målt deg mot dei andre i same alder, og ikkje minst slå dine eigne rekordar.

Treningstider - Sommarsesong (frå midten av april og ut september):

  • Tysdagar 1800 - 1930: Trening for alle frå 4.klasse og oppover
  • Torsdager 1800 - 1930: Trening for 12+

For meir info om innhald i treningane: friidrettsbloggen

Leiar i styret: Silje Vågen Torbjørnsen
E-post: siva@fitjar.kommune.no
Telefon: 41 16 28 15

 

Turn
Turngruppa har tilbod til alle opp t.o.m. 3. klasse, og alle treningar er i gymsalen på Rimbareid.
Frå hausten av vert det behov for instruktørar til ulike grupper, om du kunne tenkt deg og vere med så kan du ta kontakt med turn leiar Kristine M Heggøy eller ein anna instruktør.

Treningstider:

  • Måndagar 1700 - 1800: 4 - 6 år
  • Måndagar 1800 - 1900: 2. og 3. klasse
  • Tysdagar 1700 - 1800:  Foreldre og barn
  • Onsdagar 1800 - 1900: 1. klasse

Leiar i styret: Kristine Maraas Heggøy
E-post: kristinemaraas@hotmail.com
Telefon: 97 12 95 78

 

Handball
Handballen i Fitjar IL består av eit senior damelag som spelar i 5.div, i tillegg til to aldersfastsette klassar i serien J-12 og G-10.
Nytt i sesongen 2014/15 er satsinga på minihandball der ein har fått mange nye, unge spelarar i alderen 6-9 år. Her har to jentelag og to gutelag i inneverande sesong spelt minihandballturneringar i henholdsvis Sunnhordland og Bergensregionen.
Dei minste 6-7 åringane har ikkje spelt kampar, men hatt trening/leik med ball og er klare for minihandball til neste sesong.

Treningstider:
Damelaget:

  • Tysdagar i Fitjar kultur- og Idrettsbygg kl 20.00
  • Torsdagar i Rackethallen , Vikahaugane Stord kl 19.00

Leiar i styret: Kari Raunholm
E-post: kraunholm@hotmail.com
Telefon: 90 58 55 86

 

Badminton
Det er ein gjeng på ca. 20 som spelar badminton i Fitjar kvar veke.
Det er to grupper, ei vaksengruppe og ei gruppe i alderen 14-17 år.
I vaksengruppa har det til no berre vore menn, så det hadde vore kjekt om nokon damer òg tok turen.
I gruppa 14-17 år er det fleire som trener for å vere med på turneringer til forskjellige plasser, som f.eks.  til Vestlandsmeisterskapet.

Treningstider:

  • Måndag: 1700 - 1800 (ungdom og vaksne)
  • Onsdag: 1800 - 1930 (ungdom og vaksne)

Det er framleis god plass på treningane. 8-10 stykk på kvar trening

Leiar i styret: Andre Olsen Aadland
E-post: andre.aadland@yahoo.no
Telefon: 48 45 58 69

 

Orientering
Orienteringsgruppa i Fitjar IL har fleire spanande tilbod for deg som likar å bruka kroppen ute i naturen.
Med kart (og kompass) kan du besøkje nye turmål eller delta i o-løp der det ikkje er berre kondisjonen som avgjer kven som kjem øvst på resultatlista. Har må du bruke både hovudet og beina for å finne fram til dei ulike postane, og det er løyper og klassar for alle aldrar og nivå.

Leiar i styret: Rolf-Atle Rolfsnes
E-post: rolfatle.rolfsnes@haugnett.no
Telefon: 91 51 30 24

 

Treningssenter
Fitjar Treningssenter er ubemanna, men dersom man ønskjer å melde seg inn som nytt medlem kan dette gjerast ved å ta kontakt med dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Ole Bergesen, på tlf. 95975150 eller e-post ole@fkib.no.
Alternativt kan Geirmund Aga kontaktast på tlf. 952 08 838 eller e-post geirmund.aga@gmail.com 

For de som ønskjer treningsveiledning på de ulike apparata, eller få tilpassa eit program for sin målsetning, er det bare til å ta kontakt med Simen L. Aarskog.

Det finnast instruktørar som leier: (meir informasjon finn du på heimesida)

  • Basisball/styrke/Spin
  • Spin- Intervall
  • Spin- langkjøring
  • Spin
  • Step/Basisball
  • Zumba
  • Spin/Bosu
  • Yoga

Leiar i styret: Simen L. Aarskog
E-post: simenlaa@gmail.com
Telefon: 90 50 80 19

Kontakt oss