Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Friluftsområde i Fitjar

Entan du likar å vere på sjøen eller trivst best i høgden, kan Fitjar kommune tilby fantastiske friluftsområde med alt frå små fiskeplassar til toppen av Litlasåto (676 moh), som er det høgaste fjellet i kommunen.

I Fitjar kan ein finne rundt 380 øyar, holmar og skjer. Her er det ein unik sjergard med tronge sund, smale farleier og ei rekkje øyer. Det er eit eldorado, ikkje minst for padling. Fiskeplassane finn du tett.

Det er også flotte fjellområde her i kommunen. Desse er egna for både turgåing og fiske.
Midtfjellet er ei av det større attraksjonane når det gjeld turgåing. Heimesida deira finn du her.

Friluftsrådet Vest
Friluftsrådet Vest forvalter 85 friluftsområder i 12 kommuner. Her har dei funne fram til nokre av friluftsområda ein finn på Fitjar.

Oversikta over nokre av friluftsområda på Fitar, finn du her.
Heimesida til Friluftsrådet Vest er lenkja her.

Stord-Fitjar Turlag
Stord-Fitjar Turlag har no over 1000 medlemmer og er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening. 
Deira føremål er å stimulera til sikkert og miljøvennleg friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar Stord og Fitjar. Turlaget's viktigaste oppgåver er å arrangera fellesturar og driva kulturarbeid i fjellet, samt merka, varda og vedlikehalda stiar.

Heimesida til Stord-Fitjar Turlag finn du her.

Kontakt oss