Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Aktuelt

Oppretta: 22.02.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Samarbeid mellom folkebiblioteka i Sunnhordland

I Fitjar folkebibliotek vil du no kunna finna media med stempel frå andre folkebibliotek i Sunnhordland. Dette er eit resultat av at folkebiblioteka i Stord, Fitjar, Kvinnherad, Bømlo, Etne, Tysnes og Sveio har inngått ein samarbeidsavtale. Avtalen er no underskriven av biblioteksjefane i alle kommunane.

Eit av måla med samarbeidet er bl.a. å gje brukarane av biblioteka i Sunnhordland eit betre tilbod.

Det å gjera folkebiblioteka meir synlege som kultur- og informasjonsformidlarar på tvers av kommunegrensene er òg sentralt i samarbeidet.

Samarbeidet gjeld:
             
  * Felles Lånereglement  
  * Nettressursar  
  * Personalutvikling, kompetanseheving og org.utvikling  
  * Spesialisering av mediekjøp  
  * Utveksling av depot  
  * Arrangement, utstillingar og litteraturformidling  
 

 

Kontakt oss