Mantal - offentleg ettersyn
26.07.2011
Manntalet i samband med Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2011 ligg til offentleg ettersyn i kundetorget i rådhuset.
Manntalet byggjer på opplysningane i Folkeregisteret, og adressa pr. 30. juni 2011 er avgjerande for kva kommune ein er manntalsført og har røysterett i. Meiner du at manntalet inneheld feil eller manglar, må event. krav om oppretting sendast skriftleg med grunngjeving til Fitjar Valstyre, Boks 83, 5418 Fitjar. Skjema til dette bruket finn du her.
Alle veljarar vil få tilsendt valkort i løpet av dei første vekene.