FØRHANDSRØYSTING
08.08.2011
Førehandsrøystinga startar opp i Fitjar Rådhus onsdag 10 august.
Dersom du ikkje har høve til å røysta i heimkommunen din på valdagen 12. september, kan du førehandsrøysta frå 10. august. I Fitjar kommune går førehandsrøystinga føre seg på Kundetorget i Rådhuset sine opningstider. I tillegg er det høve til å førehandsrøysta torsdagane 1. og 8. september fram til kl. 18.00, samt laurdag 3. september kl. 09.00 – 13.00.
Hugs å ta me valkort og legitimasjon.