Psykisk helsevern
12.11.2010
Her følgjer ei oversikt over lokale tilbod til personar i Fitjar kommune som opplever psykiske vanskar sjølv eller hos nokon av sine næraste.
Kundetorget i Fitjar Kommune
Kundetorget kan hjelpa deg å få kontakt med det kommunale hjelpeapparatet.
Tlf: 53458500
Epost: post@fitjar.kommune.no
Fastlegane
I Fitjar kommune er det 2 fastlegar:
Kommunelege I, Tore Eikeland: Tlf 534 97105
Kommunelege II, Legekontoret Havnahuset : Tlf 534 58610
Dersom du ikkje veit kven som er fastlegen din, kan du ringja 81 05 95 00 og følgja den rettleiinga du får, eller du kan gå inn på www.trygdeetaten.no .
Heimebaserte tenester - Psykiatrisk sjukepleie
Psykiatrisk sjukepleiar kan gje deg som slit med psykiske vannskar helsehjelp, støttesamtalar eller anna oppfølging. Du må søkja kommunen om Psykiatrisk sjukepleie.
Søknadsskjema kan du blant anna få på Havnahuset Bu- og Servicesenter.
Fitjar Helsestasjon
Fitjar Helsestasjon: Tlf 53 45 86 07
Her kan du i første omgang få nokon å snakka med, som eventuelt kan visa veg til vidare hjelp.
Her kan du lesa meir om Fitjar Helsestasjon.
Helsestasjon for ungdom
Her kan du få snakka med helsesøster eller jordmor, som igjen kan formidla kontakt med lege. Du kan snakka om små eller store problem. Tilbodet er gratis for ungdom frå 13 - 19 år. Du treng ikkje bestilla time.
Adresse: Fitjar Helsestasjon, Havnahuset
Opningstid: Kvar Måndag frå kl. 13.00 til 15.00 (stengt i skuleferiane).
Her kan du lesa meir om Helsestasjon for ungdom.