Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Psykisk helse

Oppretta: 03.11.2010 – Sist oppdatert 26.04.2017

Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen

 

Målsetting med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet
  • Hjelpa skal bidra til at du vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet

 

Kven kan få hjelp ? 

Tilbodet er retta mot menneske som har psykiske helseproblem – du kan søkje hjelp både om du har langvarig psykisk sjukdom, om du har kortvarige psykiske vanskar – alvorlege eller lettare problemstillingar.  Psykisk helseteneste tilbyr veiledning/støttesamtalar med spesialsjukepleiar, og annan oppfølging dersom det er behov for det. Tenesta, som består av ein spesialsjukepleiarar  innan psykisk helsearbeid og ein miljøarbeidar med vidareutdanning i psykisk helse, samarbeider tverrfagleg med andre instansar  når det er relevant, og  dersom tenestemottakaren samtykkjer i det.  

Tenesta er retta mot personar over 18 år og det er kostnadsfritt. 

 

Slik kan du få kontakt med Psykisk helseteneste:

Helsetilbodet gjeld både lågterskelteneste og vedtaksbasert teneste.  Det vil seie  at den som ønskjer hjelp kan ta direkte kontakt med tenesta i kontortida, eller du kan søkje skriftleg eller munnleg til Havnahuset bu-og servicesenter.  Du kan også  be fastlegen, helsesøster eller andre om å formidle hjelp.  Søknadsskjema kan du få ved å henvende deg til  Havnahuset eller under Fitjar kommune sine heime sider.

Utanom kontortid er det  LEGEVAKTA  du må henvende deg til: 116 117

Telefonnummeret til Psykisk helseteneste er:  53458603/53458604

Psykisk helseteneste Solfrid Tranøy

solfrid.tranoy@fitjar.kommune.no

Miljøarbeidar/psykisk helsearbeidar Elin Sofie Kannelønning

 

Slik søker du:

Du kan hente søknadsskjema i kundetorget i Fitjar Rådhus.

Søknaden skal du sende til: 
Havnahuset Bu- og servicekontor v/Astrid de Vreede

5419 Fitjar

Du kan også søkje via elektronisk søknadsskjema ved å trykke her.

 

Kriseteamet

Kriseteamet kan ved større krisehending tilby krisehjelp til enkeltpersonar eller familienettverk og andre grupper når dei involverte opplever å ha behov for fagleg hjelp og støtte gjennom ei krise.  Når barn er involverte kan også helsesøster delta i kriseteamarbeidet.

Kriseteamet kan også tiltre utanom kontortid dersom det er behov for det.  Teamet inngår ikkje i vaktordning, og må utanom kontortid kontaktast gjennom legevakt, politi, vakthavande prest eller kriseleiinga i kommunen

 

Eksterne lenker

 

Kontakt oss