Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Legevaktordninga i Fitjar kommune

 

Medisinsk naudtelefon:
(ved livstrugande sjukdom
 og større ulukker)
Telefon 113 (open heile døgnet).
 
Legevaktsentralen
(på Stord Sjukehus)
Telefon 116 117 (svar heile døgeret).
 
Legevaktkontoret
(på Stord Sjukehus)
Telefon 116 117 (i opningstida).


Bømlo, Stord og Fitjar kommune samarbeider om beredskapsvakt i legetenesta utanom opningstidene på legekontora. I tillegg har vi eit legevaktkontor for akutt hjelp med faste opningstider. I opningstida er legevaktkontoret bemanna med sjukepleiar og vaktlegen.

Stord sjukehusStad:
Legevaktkontoret/ legevakta på Stord held til i Stord sjukehus, inngong hovudinngangen.
Gateadresse: Tysevegen 64.
Postadresse: Sunnhordland interkommunale legevakt, Stord sjukehus, Pb 3, 5401 Stord.

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS si nettside finn du her.



Opningstider legevaktkontoret:


Måndag-fredag:

Kl. 15.00 - 22.00

helg:

Kl. 08.00 - 22.00

Heilagdag:

Kl. 08.00 - 22.00

Jule- og nyårshelg - sjå eiga lysing.

  • På natt er det legevaktsentralen på Stord sjukehus (telefon 116 117) som gjev kontakt med vaktlege om det trengst
  • Måndag - fredag kl 08 - 15 er det ikkje open legevaktordning, då skal du kontakta fastlegen for akutt hjelp. Du vil også få svar ved legevaktsentralen på Stord sjukehus, som kan formidla telefonnummer og adresse til dei ulike legekontora på Stord, eventuelt hjelpa med å kontakta lege om det hastar.

Oppgåver og ansvar:
Legevakta skal gje hjelp til alle som oppheld seg i kommunen ved akutt sjukdom eller skade, eller forverring av sjukdom som ikkje kan venta til første kvardag.

Ved akutt, livstrugande sjukdom og ved større ulukker skal du alltid ringja naudtelefon 113. AMK handsamar 113-meldingar etter fastlagde prosedyrar, slik at lege og ambulanse kan rykkja raskt ut.

Fastlegeordninga er grunnsteinen i den norske helsetenesta
Dei fleste vil vera best tente med å venda seg til fastlegen sin ved sjukdom. Fastlegen, som kjenner pasienten, vil lettast kunna vurdera både hastegrad og alvoret i situasjonen. Legevakta er såleis berre tiltenkt akutt sjukdom eller skade som ikkje kan venta til neste kvardag. Sjukepleiar vil i samarbeid med vaktlegen og ut frå ei fagleg vurdering, avgjera kva som kan venta og kva som treng time på legevakta. Legevakta må sikra nok plass for dei som treng det mest.

Ring oss for avtale om time
Me rår deg til å ringja legevaktnummeret 534 16 300 før du oppsøkjer legevakta. På telefon kan du gjera avtale om time og såleis ta ventetida heime. Dei som kjem direkte, vert vurderte på lik line med dei som kontaktar på telefon. Dersom det ikkje hastar, må dei venta til ledig time.

Dersom du er usikker på om legevakta er rette plassen å venda seg, kan du gjerne kontakta oss på telefon, og saman kan me finna ut kva hjelp du treng. På telefonen kan me også gje naudsynte råd slik at du eventuelt slepper å koma til legevakta.

Avtalt time kan likevel ikkje binda oss. Uføresette hendingar kjem ofte på legevakta og det som hastar mest, må gå først. Om du må venta, er det fordi andre treng hjelpa raskare.

Turistar - leigearbeidarar - studentar
Me rår alle som mellombels oppheld seg i Fitjar, til å kontakta legekontora i kommunen dersom dei treng legehjelp. Legevakta er likevel open for unntaksvis å hjelpa utover det som er vår primæroppgåve, om kapasiteten ved legekontora ikkje strekkjer til.

Om du ikkje er nøgd med legevakta
Skulle du av ulike grunnar ikkje vera nøgd med legevakta i Fitjar, vil me oppmuntra deg til å ta dette opp direkte med oss på legevakta. Me har system for å handsama skriftlege klager og ynskjer å nytta klager som grunnlag for å verta betre.

Me har som mål at folk skal kjenna seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng, og at me møter alle med respekt og forståing.

Kontakt oss