Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Oppretta: 13.11.2012 – Sist oppdatert 29.04.2014

Koordinerande eining er ein stad å venda seg,  for menneske som har  trong for samordna/koordinerte tenester uavhengig av alder eller helsetilstand.

Alle kommunar og regionale helseføretak skal ha ei koordinerande eining for habiltering og rehabilitering, individuell plan og koordinator.

 

Habilitering og rehabilterting er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering § 2.

Habilitering og rehabilitering er tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemiddel kor fleire aktørar samarbeider om å gje nødvendig bistand. Habilitering og rehabilitering skal bidra til at menneske med nedsett funksjon opplever mestring, sjølvstende og får delta i samfunnet på eigne premissar.

 

I Fitjar kommune er det rehabiliteringskoordinator som har funksjonen koordinerande eining saman med saksbehandlar i pleie- og omsorgsavdelinga.

Desse er for tida:

Rehabiliteringskoordinator Bård Inge Bø tlf. 53 45 85 26 eller 48 07 75 28.

Saksbehandlar/Sjukepleiar Astrid de Vreede tlf. 53 45 86 02.

Ved eventuelle saker innan sosialtenesta/rus, er det ved Nav Fitjar saksbehandlar på tlf. 81 58 10 00.

 

Alle kommunen sine innbyggjarar, alle tilsette i kommunen eller eksterne samarbeidspartnarar kan venda seg til koordinerande eining.

 

Koordinerande eining sine oppgåver er å:

  • Koordinere tenester brukarane treng
  • Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengelig i Fitjar Kommune og formidle tenester som er aktuelle
  • Vera knutepunkt for samarbeid mellom instansar i og utanfor kommunen
  • Ta imot søknad og gjera vedtak om individuell plan
  • Opprette koordinator
  • Tilrettelegge for brukarmedverknad

 

Søknadar om IP kan sendast til:

Koordinerande Eining

v/Bård Inge Bø

Postboks 83, 5418 Fitjar

Eller: Saksbehandlar Astrid de Vreede, Havnahuset bu- og servicesenter, 5419 Fitjar kommune

Kontakt oss