Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

HELSESTASJONEN OG SKULEHELSETENESTA

 

 Om Fitjar Helsestasjon

Fitjar Helsestasjon held til i "Havnahuset", i same bygg som legekontoret til Dr. Waleed Brisam. Adressa er: Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar.

Ope måndag - fredag kl. 08.30 - 15.00 (med merknad om endringar).

Oppgåvene til helsesøstertenesta i Fitjar kommune er særleg knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Helsesøstertenesta driv førebyggjande arbeid, og det skal vera låg terskel for å kontakta oss. Me svarar på spørsmål og gjev råd og rettleiing. Time for faste

kontrollar og vaksinering må tingast på førehand. Helsestasjon for ungdom er ope for "drop in" måndagar kl. 13-15 (jf. skuleruta).

 

 

Kontaktinformasjon:

Leiande helsesøster: Linn Therese Olaussen

Tlf: 534 58607. E-post: liol@fitjar.kommune.no

Jordmor: Annbjørg Stjern Tvedt

Tlf: 534 58609 (kun tysdagar). E-post: antv@fitjar.kommune.no  

Helsesøster: Jordmor Kristine Bjelland

Tlf: 534 58607. (kun måndager) E-post: krbj@fitjar.kommune.no

Psykisk helsearbeidar: Rakel Bjånesøy

Tlf: 958 02405. E-post: rabj@fitjar.kommune.no

Oppfølging av flyktningar ved helsestasjonen: Helsesøster Astrid Marlen Sivertsen

Tlf: 901 75238. E-post: assi@fitjar.kommune.no

 

Kontaktinformasjon for skulehelsetenesta:

Rimbareid Barne- og ungdomsskule: Helsesøster Kathrine Berrefjord

Tlf: 478 70630. E-post: kabe@fitjar.kommune.no

Øvrebygda og Selevik skule: Helsesøster Astrid Marlen Sivertsen.

Tlf: 901 75238. E-post: assi@fitjar.kommune.no

Fitjar Vidaregåande skule: Helsesøster Gunn Tyse Breivik.

Tlf: 915 24832. E-post: gubr@fitjar.kommune.no

Psykisk helsearbeidar: Rakel Bjånesøy

Tlf: 958 02405. E-post: rabj@fitjar.kommune.no

 

Ny publikumsteneste om vaksiner

Den 1. desember lanserer Folkehelseinstituttet ei ny sjølvbetjingsteneste på nettet - Mine Vaksiner.  Tenesta vil gje publikum ei oversikt over kva vaksiner som er registrert på dei sjølv og deira born under 16 år.  Ein kan også skrive ut eit internasjonalt vaksinasjonskort.

Mine Vaksiner blei til etter eit initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2010.  Initativet kom i samband med oppretting av den nasjonale helseportalen www.helsenorge.no .  Under www.helsenorge.no/selvbetjening vil publikum få samla tilgjenge til fleire elektroniske tenester, slik som bytte av fastlege, få oversikt over eigne elekotroniske reseptar og altså no vaksinasjonar.  Mine Vaksiner kan også nåast direkte på www.fhi.no/minevaksiner

Desse vaksinene er registrert og visast i Mine Vaksiner:

  • Barnevaksiner:  alle som er født i 1995 og seinare vil finne barnevaksinene sine.  I 2011 vil det sei alle som er under 15 - 16 år.
  • Reisevaksiner som er tekne i 2011 og seinare.  Gjeld alle aldersgrupper.
  • Pandemivaksine (svineinfluensa) som vart gitt i 2009 og seinare.  Gjeld alle aldersgrupper.
  • Dersom du kjem frå eit av prøvefylka; Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Hordaland, og er født i 1976 og seinare, kan du finne både barnevaksiner og andre registrerte vaksiner.  I 2011 vil dette sei aldersgruppa under 34-35 år.

For å få tilgang til tenesta, treng du ein elektronisk ID på høgaste sikkerhetsnivå, det vil sei eit smartkort i form av BuypassID (Norsk Tipping) eller sikker USB-pinne i form av Comfides e-ID.  Informasjon om dette finn du på Helse Norge sine nettsider.

 

Kontakt oss