Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Folkehelse

Oppretta: 12.03.2013 – Sist oppdatert 08.04.2015

Folkehelse er eit uttrykk for helsetilstandet i befolkninga, og korleis helse fordeler seg mellom ulike sosiale lag i befolkninga. 

 

Folkehelsearbeid  er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar befolkninga si helse og trivsel, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade og liding, og som beskyttar mot helsetruslar, samt arbeid for en jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa.

 

Det overordna målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, og å redusera helseforskjellar.

 

Å ivareta innbyggjarane si helse er ein viktig del av kommunen sitt ansvar.

 

For å koordinera dette arbeidet og for å jobba fram folkehelse inn i alle kommunen sine sektorar har Fitjar Kommune oppretta ein 50% stilling som folkehelsekoordinator. 

Stillinga står vacant i 2015, arbeidet vert i noko grad ivareteke i andre einingar.

 

 

 

Du kan lese meir om folkehelse her :

http://www.hfk.no/Hordaland-fylkeskommune/Regional-utvikling/Folkehelse/Partnarskap-for-folkehelse/

http://www.helsedirektoratet.no/folkehelse/Sider/default.aspx

http://www.fhi.no/

 

 

Det er utarbeida ein kommunehelseprofil for Fitjar kommune som du kan lese her

Kontakt oss