Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Jakt på GPS- hjort?

09.09.2010

Fredag 10.september startar årets hjortejakt. Per i dag er det 5 hjortar på Stordøya som går rundt med halsband og øyremerke. Desse er merkt som ein del av prosjektet Hordahjort .

 

 

 

I 2009 vart det merka 2 bukkar og ei kolle på Stord. Desse ynskjer me å ta ut i årets jakt, slik at me får inn att halsbanda og kan bruke desse på ny til andre dyr.

I løpet av året har to nye merka dyr kome til Stordøya, dette er ein bukk merka på Tysnes og ein bukk merka på Austevoll. Desse dyra vart påsett gps- sendar i år, og dei ynskjer me å ha med i prosjektet ein sesong til. Derfor oppmodar me jegerane til å unngå å felle desse to.

Den enklaste skilnaden på dyra som skal fellast og ikkje er øyremerke. Dyra som skal fellast har merke nr 101, 102 og 106 i venstre øyre, medan dei to me vil ha med vidare har merke nr 117 og 118 i høgre øyre.

Sendarane til dei to bukkarane som vart merka på Stord i 2009 har slutta å fungere. Dei andre dyra kan ein derimot følgje under "følg hjorten" på Hordahjort [link] sine heimesider.

 

Kva gjer du om du feller ein gps- merka hjort?

For å få best mulig nytte av prosjektet ynskjer me inn ein del informasjon frå dei merka dyra som vert felt. Jeger må notere seg nr og farge på øyremerke og halsband, kvar dyret vart skote, kva tid samt slaktevekt for dyret. Kjeve, livmor og eit øyre skal takast vare på og leverast inn. Dersom dyret har kalv ynskjer me same informasjon frå kalven.

 

Det er utarbeida informasjonsskriv og skjema med rettleiing for registrering av data frå felte dyr. Har du felt eit gpr- merka dyr og er usikker på kva du bør gjere? Ring kontaktperson oppgitt på skjemaet, eller kommunen sin viltforvaltar på 90214256.

 

Ny merkesesong – ynskjer om "sponsorhalsband"

Hordahjort- prosjektet varer fram til 2012 og det skal merkast nye dyr vinteren 2011. For å få merka dyr er me avhengig av å ha tilgjengelig gps- halsband. Me vil bruke om att dei som kjem inn frå felte dyr etter årets jakt, så lenge desse fungerar, men ynskjer gjerne å merke fleire dyr. Derfor er ideen om sponsorhalsband lansert. Merking av eit dyr kostar 50.000 kr. Det er mykje pengar for mange, derfor har me opna for delfinansiering av halsband der ein sponsar med 10.000 kr. Dersom di verksemd kan vere interessert i å støtte prosjektet og hjelpe oss å få merka fleire dyr i regionen, eller du veit om aktuelle verksemder, gje beskjed om dette til viltforvaltar på e-post ingunn.varanes@fitjar.kommune.no  Kontaktinfo vert då formidla vidare til leiinga i prosjektet.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no