Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider på Rådhuset  kl. 09-15

Vårtegn

Lesarfoto: Vårtegn

Foto: Toralv Røen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Informasjonsmøte om fjerning av Sitkagran i Fitjarøyane

02.03.2012

Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane

Fitjarøyane har store område med kystlynghei som er ein trua kulturlandskapstype. Fitjarøyane er 1 av dei 20 verdifulle kystlyngheiområda som er med i Direktoratet for naturforvaltning si registrering i 2009. Dei seinare åra har interessa  for å sette istand kulturlandskapet i øyane vore aukande blant eigarane, noko både kommunen, fylket og Direktoratet for naturforvaltning har støtta. Ein av utfordringane når kystlynghei skal settast istand er sitkagrana som vart planta fra-50 talet og nokre ti år framover. Denne er i dag hogstmoden, men er vanskeleg og kostbar  å få tatt ut. I tillegg spreier den seg i landskapet.

Dette er grunnlaget for at prosjektet «Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane» vart satt i gang i 2010. Fleire grunneigarar  ynskjer å fjerne gran frå sin eigedom og er i gang med konkrete tiltak. Fitjar kommune har med støtte  frå Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning, til no løyvd tilskot til konkrete tiltak på 5 av øyane.

Samordna uttak av sitkagran

Det viser seg å være ei stor utfordring for prosjektet å få frakta vekk trevirke som vert hogd frå øyane. Denne utfordringa er grunnlaget for at Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har tatt tak i problemstillinga og utarbeida ein plan for gjennomføring. Forslaget er at Interesselaget for Fitjarøyane går inn som eigarar av prosjektet. Ei  arbeidsgruppe som består av representanter for grunneigarane, styret i Interesselaget og frå SFLMK som tar prosjektansvar. Det er søkt om tilskot til tiltaket frå Direktoratet for naturforvaltning gjennom ordninga «Tilskot til utvalte kulturlandskap». Det vert sendt ut anbod til aktuelle aktørar som ynskjer å gje tilbod på hogst og/eller uttak. Grunneigarar som vil nytte sjansen til å være med på dette prosjektet må ta kontakt med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Informasjonsmøte for prosjekt i Fitjarøyane vert torsdag 1 mars kl 19.00 i kommunestyresalen på rådhuset.

Prosjektplan Sitkagran finn du her

Prosjektplan samordna uttak av Sitkagran fin du her

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no