Reglar for påskjøning i Fitjar Kommune
24.06.2010
Vedteke av Fitjar Formannskap 7. april 2010
--------------------------------------------------------------------
ARBEIDSTAKARAR
§1 Generelle føresegner
- Reglane gjeld alle fast tilsette arbeidstakarar i Fitjar kommune.
- Etatssjefane (skulesjef og helse- og sosialsjef) har ansvar for kjøp av gåver (sjå likevel neste kulepunkt) og tildeling innan sine ansvarsområde. Andre leiarar har ansvar for sine tilsette i samråd med personalavdeling og rådmann. Rådmann har ansvar for kjøp og tildeling til etatssjefar. Ordførar har ansvar for tildeling til rådmann.
- Tildeling etter § 2 og § 3 første punkt skal gjerast på ei tilstelling m/bevertning, om mogeleg kombinert med t.d. utdeling av næringspris, kulturpris e.l. (Personalavdeling kjøper gåver etter dette punktet).
- Etatssjefen/leiaren kan, i spesielle høve som ikkje vert fanga opp av dette reglementet, gje ei enkel merksemd frå kommunen der det etter vanleg skikk og bruk vil vera naturleg.
§ 2 Påskjøning for lang og tru teneste
Kommunale arbeidstakarar får ei påskjøning for lang og tru teneste etter følgjande reglar:
-
Etter 25 års samla teneste i kommunen får ein tildelt ei personleg gåve med inskripsjon, verdi ca. kr. 2.000.
§ 3 Gåve ved slutt i tenesta
Vilkåret for slik påskjøning er at vedkomande har vore i kommunen si teneste i minst 5 år.
- Ved overgang til pensjonisttilvære skal kommunen gje ei personleg gåve med inskripsjon for inntil kr. 2.000,-.
- Ved slutt i tenesta av andre grunnar enn at ein går over i pensjonisttilvære, skal det gjevast ei gåve/blomehelsing for inntil kr. 300,-.
§ 4 Gåve ved merkedagar
-
50-årsdag. 1 dag permisjon med løn + gåve/blomehelsing for inntil kr. 500,-.
- 60 årsdag. 1 dag permisjon med løn + gåve/blomehelsing for inntil kr. 500,-.
§ 5 Dødsfall/gravferd
-
Ved dødsfall blant arbeidstakarar legg kommunen ned krans ved båra til den avlidne.
- Ved dødsfall blant pensjonerte arbeidstakarar vert det som hovudregel sendt bårebukett dersom vedkomande har meir enn 15 års tenestetid i pensjonsgjevande stilling i kommunen, og hadde kommunen som sin siste hovudarbeidsgjevar.
FOLKEVALDE
§ 6 Påskjøning for lang og tru teneste
-
Folkevalde som har vore medlemer av kommunestyret i 4 periodar (16 år), vert tildelt ei personleg gåve med inskripsjon. Ordføraren står for tildelinga.
§ 7 Dødsfall/gravferd
-
Kommunen v/ordføraren legg ned krans ved båra til den avlidne dersom vedkommande er medlem av kommunestyret eller har vore ordførar.
- Ved dødsfall blant andre ombodsmenn som har gjort stor innsats for kommunen, vert det berre i spesielle høve sendt blomar/lagt ned krans ved båra til den avlidne.