Etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Fitjar kommune
08.02.2010
Vedteke av Fitjar kommunestyre 19.02.97. Revidert 27.06.07.
ETISKE PRINSIPP SKAL:
Styrkja grunnlaget for innbyggarane sin tillit til politikk og administrasjon i kommunen.
Fremja samarbeidsånd og tillit i samspelet mellom tilsette og politikarar.
- Etikk er å vera lojal mot dei reglar og ordningar som gjeld i kommunen
- Etikk er å gje fullstendig og korrekt informasjon
- Etikk er å bruka mynde med varsemd og forstand
- Etikk er å ha ei fri og uavhengig stilling i høve til saker der ein har mynde
- Etikk er å ikkje blanda eigne og offentlege interesser
- Etikk er å vera ærleg
- Etikk er å syna toleranse og respekt
- Etikk er å arbeida for rettferd
”Makti si maa ein mann med vit hovsamt og høveleg bruke” (frå Håvamål)
-------------------------------------------------------------------
ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FITJAR KOMMUNE
Retningslinjene skal gjelda for alle folkevalde og tilsette i kommunen.
§ 1. Føremålet med retningslinjene
Føremålet med dei etiske retningslinjene er å skapa større medvit om haldningar og etikk og dermed styrkja innbyggjarane sin tillit til administrasjonen og politikk i kommunen.
§ 2. Handling og haldning
Fitjar kommune legg stor vekt på at etisk haldning også må få gjennomslag i praktisk handling m.a. ved å:
- følgja lover, føresegner og ordningar som gjeld kommunen
- ta det opp med rette vedkomande dersom ein er misnøgd med noko
- forvalta kommunen sine ressursar på beset mogleg måte
- vera lojal mot kommunen sine overordna mål og vedtak fatta i politiske organ eller av personar som har fått delegert mynde
- visa respekt i omtale og handling
- ta alle oppgåver like alvorleg og gje alle saker ei god sakshandsaming
§ 3. Informasjon
I all sakshandsaming og verksemd skal ein leggja vekt på å få fram fullstendig, korrekt og sakleg informasjon som gir grunnlag for dei avgjerder som skal takast. Informasjon som ikkje er fortruleg, skal vera open og tilgjengeleg for alle.
Fortruleg informasjon må respekterast og ikkje misbrukast til personleg vinning eller til skade for andre.
Informasjon som ikkje kan stadfestast, skal ikkje nyttast.
Avgjerder må aldri baserast på rykte.
§ 4. Mynde
Mynde gjeve gjennom tillitsverv eller stilling skal ein bruka til sitt føremål. Mynde skal ikkje brukast til å oppnå personleg vinning eller til å fremja personlege interesser.
Mynde skal brukast med særleg varsemd overfor dei som har små ressursar og som vanskeleg kan hevda rettane sine.
§ 5. Økonomiske og andre fordelar
I all saksførehaving skal ein leggja vinn på å ha ei fri og uavhengig stilling. Ein skal unngå at eigne økonomiske tilhøve og personlege interesser verkar inn på, eller sår tvil om sakshandsaming og vedtak.
§ 6. Interessekonflikt
Det er viktig å vera merksam på situasjonar og aktivitetar som kan føra til konflikt mellom kommunale og personlege interesser.
Døme på slike moglege interessekonfliktar er:
- forretningssamband med tidlegare arbeidsgjevar eller arbeidskollegaer
- løna ekstraarbeid som kan verka inn på eige arbeid i kommunen
- engasjement i interesseorganisasjon eller anna verksemd som vedkjem tilhøve som den einskilde arbeider med i kommunen.
- Økonomiske interesser som kan føra til at vedkommande medarbeidar kjem i ein konkurransesituasjon eller lojalitetskonflikt i høve til kommunens si verksemd.
- Familiære- og andre nære sosiale samband
- Å vera både tilsett og folkevald i kommunen
Dersom ein har personlege interesser i ei sak, eller på eit område der ein har fagleg ansvar eller mynde, skal ein ta dette opp med sin overordna.
Kommunetilsette som og er politikarar, må vera særleg merksame på korleis dei brukar informasjon frå arbeidstilhøve sitt.
§ 7. Åtferd
Politikarar og kommunetilsette må i alt sitt offentlege virke vera medvitne om at dei skal vera gode føredøme.
Alle som representerer kommunen, må arbeida for å styrkja den etiske standarden og åtferdai administrasjonen og politikk.
Leiarar på alle nivå må leggja vinn på personleg integritet og god åtferd. Dei har ansvar for å gjera retningslinjene kjende for politikarar og tilsette.