Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Eigedomsskatt og aldersfrådrag

28.02.2011

Me har no taksert eigedommar som vart ferdigstilte/teke i bruk, eller utført endringar på, i 2010.  Desse får ny takst i 2011.  Andre eigedommar skal ha same takstverdi som tidlegare.

Av spørsmål me får ser me at mange trur at når eit hus ved den årlege utskrivinga passerer ei tiårsgrense får det eit nytt og større aldersfrådrag. Til dømes at når huset blir 40 år får det eit større aldersfrådrag enn om det er 39 år.

Dette er diverre feil tolking av regelverket. Kommunestyret har vedteke retningsliner for bruk av aldersfrådrag, der aldersfrådraget er knytt til byggjeår. Dette medfører at hus bygde 1969 og tidlegare får 40 % aldersfrådrag,  hus bygde mellom 1970 og 1979 får 30 % aldersfrådrag, hus bygde mellom 1980 og 1989 får 20 % aldersfrådrag, og hus bygde mellom 1990 og 1998 får 10 % aldersfrådrag. Hus bygde 1999 og seinare får 0 aldersfrådrag.  Byggjeåret endrar seg ikkje om huset blir eitt år eldre.

Takseringa gjeld for 10 år av gongen, og huset vil ha same aldersfrådrag i heile perioden, sjølv om huset passerer ei grense, dømesvis frå 19 – 20 år, eller 39 til 40 år.

Aldersfrådrag ut frå byggjeår endrar seg heller ikkje om huset blir påbygt eller ombygt, og dermed skal takserast på nytt, med mindre det etter ombygging framstår som eit nybygg.

Ramer for arbeidet med eigedomsskatt 2011, vedtekne i kommunestyret 22. februar 2011 finn du her

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310


Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord


Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950


Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no