Eigedomskatt - SEFRAK fritak
27.04.2011
Fritak frå å betala eigedomsskatt med grunnlag i at bygningen er registert i SEFRAK.
Kommunestyret har tidlegare år vedteke heilt eller delvis fritak for eigedommar som er av historisk verdi. I budsjettet for 2011 vert det vedteke at det skal vera 0 promille i skatt på bygningar som er SEFRAK-registerte, og som framleis er relevante som historiske bygningar, mot tidlegare eit fritak etter søknad frå eigar. Kommunestyret vedtok samstundes at kommunen skal kontrollera opp mot registra, for å sikra at alle relevante eigedommar får den nye satsen. Eigedommar som har eldre fritak etter søknad kjem og inn under den nye ordninga.
Eigedomsskatt og aldersfrådrag
28.02.2011
Me har no taksert eigedommar som vart ferdigstilte/teke i bruk, eller utført endringar på, i 2010. Desse får ny takst i 2011. Andre eigedommar skal ha same takstverdi som tidlegare.
Eigedomsskatt
Kommunestyret i Fitjar gjorde vedtak om innføring av eigedomsskatt den 17. desember 2008. Vedtaket lyder slik:
Fitjar kommune innfører generell eigedomsskatt frå år 2009, slik lova gjev høve til, i tillegg til eigedomsskatt på verk og bruk. Skattesatsane skal vera 3,5 promille av grunnlaget for skattesubjekt som er omfatta av generell eigedomsskatt, og 6 promille på verk og bruk. Botnfrådraget skal vera kr. 250.000,- på kvar bustad og hytte. Desse bygningane i Fitjar kommune vert fritekne frå eigedomsskatt:
Prestegarden (huset), FKIB AS, Havnahuset, Fitjartun, Havn Burettslag, Fitjar Vidaregåande skule, bedehus og gamle skulehus (grendahus) etter § 7 - bokstav a. Kommunen vil frita bygningar som har historisk verdi (§7 bokstav b), etter søknad. Formannskapet skal sjå til at taksering vert gjennomført innan fristen, og at innføringa av eigedomsskatten elles vert gjort etter lova sine krav. Formannskapet, i samråd med takstnemnda, må snarast laga retningsliner, slik at det vert enkle prosedyrar for søknad og behandling av fritak eller nedsetjing av eigedomsskatt. Kommunen skal nytta ordninga med sakkunnig nemnd, sakkunnig anke-nemnd og "besiktigelsemenn" i samband med taksering.
Kommunestyret har tidlegare oppnemnt takstnemnd (sakkunnig nemnd) og overtakstnemnd (sakkunnig ankenemnd). Det vert føresett at administrasjonen fungerer som eigedomsskattekontor.
Eigedomsskatt og skatteutrekning
I Noreg har det vorte skrive ut eigedomsskatt i over hundre år
Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølve har styring med, og der samtlige skattekroner går til kommunen.
Skattegrunnlag = takst Taksering
Fitjar Kommunestyre har vedteke at den generelle skattesatsen for 2009 skal vert på 0,35 % av skattegrunnlaget.
Skattetaksten bygger på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.
Faktaopplysningar
om adresser, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentlige dataregistre. Gjennom disse registra kan me ha oversikt over prisar på omsette eigedomar. (Hovudkjelde: Matrikkel-registeret). I dei tilfella der me manglar areal på bygningar, vil desse verta målte av synfaringspersonane. Anlegg og bygningar som er knytte til produksjon av varer (såkalla verk og bruk), er tidlegare taksert.
Skjønsmessige vurderingar
gjeld både generelle forhold om eigedomsverdiar og spesielle forhold som påverkar verdien. Dei spesielle forholda vert tekne med i vurderinga gjennom synfaring av kvar enkelt eigedom.
For å gjera gode skjønnsmessige vurderingar, har me samarbeidd med aktørar som har kompetanse innan eigedomsmarknaden i Fitjar, samt eigne takstfolk og fagfolk.
Metoden
me har valt gjer oss i stand til å gjennomføra taksering av ca. 3000 eigedommar i Fitjar kommune i løpet av perioden.
Ei godkjent sjølvstendig bueining
skal vera bygd i samsvar med gjeldande byggjeforskrifter på utbyggingstidspunktet, samt ha eigen inngang (kan vera frå felles entrè), kjøkenfunksjon og bad/-toalettfunksjon.
"Rammer for innføring av eigedomsskatt" finn du her.
"Rettleiande normer til praktisk oppfylging" finn du her.
Informasjon vedkomande "Taksering av hytter/fritidseigedommar" finn du her.