Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Betalingssatsar

Helse, omsorg og sosiale tenester

Tryggleiksalarm pr. mnd kr 303.

Prisar på middagslevering frå Fitjar bu- og behandlingssenter og priser for vederlag/eigenbetaling for praktisk bistand/heimehjelp finn du her

Folketrygden sitt grunnbeløp finn du her.

Barnehage
Alle dei ordinære heildagsbarnehagane i Fitjar har innført maksimalpris for heil plass.

Frå 01.01.16 vil betalingssatsen for ein heil barnehageplass bli kr 2.655,-. For halv plass kr 1.465,-

Søskenmoderasjon
Foreldre som har born i barnehagear i Fitjar får moderasjon etter følgande reglar: 30% moderasjon for barn nr 2. For barn nr tre og øvrige vert det gjeve 50% moderasjon av fastsett betalingsats for barn nr 1.

Moderasjon i foreldrebetaling 
Det er to ordningar for å søkja moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1: Grunnlag for å søkja om redusert foreldrebetaling – gjeldande frå 1. august 2016

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under kr. 486 750 vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 2 655.

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

Ordning 2: Gratis kjernetid for 3,4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne - gjeldande frå 1. august 2016

Alle 3, 4-5-åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr.veke. Frå 1.august er inntektsgrensa sett til kr. 417 000

Felles for ordningane gjeld:

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Søknadskjema og retningsliner for å søkja finn du her

Skulefritidsordning
Vedtekter og betalingssatsar for skulefritidsordninga (SFO) for 2015 finn du her.

Kulturskule
Elevavgifta er kr 1437.- for halvåret. Kulturskulen har slik moderasjonsordning: plass nr 2 eller fleire kr 1005.-  Faktura vert sendt ut i oktober og februar. (Elevavgifta blei vedteke på kommunestyremøte 17.12.2014).
Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg ut skriftleg pr. brev eller e-post innan 15. mai eller 1.desember. Sjå eige skjema for innmelding og utmelding.

Sakshandsamingsgebyr plan og byggjesak 
Vedtekne satar for 2016 for handsaming av dispensasjonar, byggjesak, oppretting av grunneigedom, kart- og oppmålingsarbeid, kart- og eigedomsoppgåver, seksjonering, reguleringsplanar, landbruk- og havbrukssaker, hamne- og farvasslova finn du her

Kommunale årsavgifter (inkl. mva)
Vatn bustad kr 3 029,-
Kloakk bustad kr 3 795,-
Feiing kr 630,-
Vatn bustad < 80 m2 kr 2 269,-
Kloakk bustad < 80 m2 kr 2 847,-
Vatn fritidsbustad/naust kr 1 513,-
Kloakk fritidsbustad/naust kr 1 898,-
Vannpost kr. 379,- 

Tilknytingsavgifter bustad (inkl. mva.)
Vatn kr 10 000,-
Kloakk kr 11 250,-
Gjeld for bruksareal opp til 250 m2.

Tilknytingsavgifter fritidsbustad (inkl. mva)
Vatn kr 26 875,-
Kloakk kr 26 875,-

Grunnlag for berekning av tilknyting og årsgebyr finn du her

Renovasjonsavgift og slamgebyr
Informasjon og priskalkulatoren finn du på SIM sin nettstad

Alkohollova
Les meir om gebyr for sals- og skjenkeløyve
Løyve for einskildhøve kr 350
Kunnskapsprøven om alkohollova kr 400
Etablerarprøven kr 400 

Kontakt oss