Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Blir du varsla?

Fitjar kommune vil varsla deg ved tilhøve det er viktig at du som innbyggjar kjenner til. Systemet vil i tillegg bli nytta i krise- og beredskapssituasjonar, dersom du må evakuerast eller treng tidskritisk informasjon frå kommunen.

Situasjonar kor du kan bli varsla er til dømes reingjering av vassnettet, brot i vassforsyninga, kokepåbod eller stengte vegar. Varselet blir primært sendt til det mobilnummeret du har registrert i kontaktregisteret for offentleg forvalting. Dette har du gjort om du har nytta MinID, Altinn eller digital postkasse.

Systemet gjer oppslag i fleire register, mellom anna Folkeregisteret, kommunens eigedomsregister og kontaktregisteret for offentleg forvalting. Varslingstenesta fungerer ved at varsel blir sendt per telefon til personar og verksemder som er registrert på aktuell adresse, til dømes dei som bur i ein veg kor vatnet blir stengt av.

Varselet blir sendt som tekstmelding (SMS) til dei mobiltelefonane som står registrert på dei aktuelle adressene - eller som talemelding til fasttelefonar.

Fitjar kommune oppmodar deg til å leggja inn riktige opplysningar i kontaktregisteret for offentleg forvalting.

For verksemder

Har verksemda behov for varsling direkte til kontaktpersonar utover sentralbord/hovudnummer, kan desse registrerast i tilleggsregisteret. Dette gjeld særskilt abonnentar som er sårbare for endringar i vasskvalitet eller vassmengde, slik som:

  • Hotell/restaurantar
  • Legekontor
  • Renseri/vaskeri/bilvask
  • Frisørar
  • Landbruk/jordbruk

Verksemda avgjer sjølv kven som skal vera kontaktpersonar, og kan sjølv føra desse inn i tilleggsregisteret via varslemeg.no.

Nærare om registrering i tilleggsregisteret

Når ein melding skal sendast ut, kartlegg varslingssystemet kva adresser som er berørt. Så blir det sendt ut automatisk telefonvarsling til alle telefonnummer som er registrert på adressane. 

Det er kun nummer som ikkje er oppført i kontaktregisteret for offentleg forvaltning som skal registrerast i tilleggsregisteret.

Innregistrering i tilleggsregisteret blir registrert av verksemda/personen sjølv. Informasjonen kan når som helst endrast/oppdaterast. Opplysningane blir behandla konfidensielt og blir kun brukt av kommunen og kommunens leverandør.

Registrering i tilleggsregisteret blir gjort via varslemeg.no.

Tenesta kostar kr 1,00 for registrering. Seinare endringar eller oppdateringar er gratis.

Du kan enkelt slette opplysninga i tilleggsregisteret ved å senda SMS «VARSLE STOPP» til 2258.

 

Kontakt oss