Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Psykososialt kriseteam

Fitjar kommune sitt psykososiale kriseteam står klart til å yta omsorg og støtte ved ulukker og alvorlege krisesituasjonar.

Trykk her for vakttelefonar

Den viktigaste oppgåva til kriseteamet er å sikra at hjelpetrongen blir ivareteke på best mogleg måte for innbyggjarane i Fitjar kommune i krisesituasjonar. Desse kan vera til dømes uventa dødsfall, ulukker, brannar eller alvorlege skadar. Kriseteamet er eit supplement når det ordinære hjelpeapparatet ikkje strekk til.

Kriseteamert er fleirfagleg samansatt og består av fagpersonar som arbeidar innan ulike delar av hjelpeapparatet. I gruppa finn du sjukepleiar, lege, prest, helsesøster og psykiatrisk sjukepleiar. Medlemmene i gruppa har teieplikt på lik line med alle andre i helse- og omsorgstenestene.

Kontakt oss