Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Min beredskap

Fitjar kommune vil i ein krisesituasjon nytta meldingar via SMS og tale, i tillegg til nettstaden for å formidla viktig informasjon til innbyggjarane. Det er òg viktig at du følgjer med i media. Kommunen og andre offentlege instansar vil prioritera liv og helse høgast, og du må difor førebu deg på å klara deg sjølv ei stund i ein krisesituasjon.

Trykk her for vakttelefonar

For at du skal bli varsla via SMS eller talemelding må du vera registert i det sentrale kontakt- og reservasjonsregisteret. Les meir om registeret her.

Kva kan du gjera sjølv i ein krisesituasjon?

- Beredskap i heimen

- Førebu deg på storm og uvêr

- Førebu deg på at straumen blir vekke

- Innhent informasjon frå myndigheitene

Kven varslar om krisesituasjonar?

Fitjar kommune blir varsla av Fylkesmannen i Hordaland dersom offentlege instansar ventar situasjonar eller hendingar som får innverknad på Fitjar-samfunnet. I slike tilfelle vil kommunen informera innbyggjarane via nettstaden og Facebook. Informasjon det er viktig du får kjennskap til vil i tillegg bli sendt via SMS.

Du kan i tillegg få informasjon frå desse offentlege instansane:

- Meteorologisk institutt - gjeldande OBS-varsel

- NVE - gjeldande nivå for jordskred-, snøskred- og flomfare

- Fitjar Kraftlag - driftsmeldingar om lokalnettet

Statens vegvesen - vegmeldingar for Hordaland

Ut og reise?

- Utanriksdepartementet - landsider

- Utanriksdepartementet - offisielle reiseråd

Kontakt oss