Utval for oppvekst og omsorg fatta i møte 17.04.24 vedtak om å legga forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring ut på høyring. 

Ny opplæringslov, LOV-2023-06-09-30; Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), tek til å gjelda 1. august 2024. Det er eit krav at kommunane skal fastsetja fleire lokale forskrifter etter den nye lova. I Fitjar kommune må slike forskrifter fastsetjast av kommunestyret 20. juni 2024 for at det skal kunna gjelda frå det tidspunktet ny lov trer i kraft.

I tidlegare opplæringslov var grensa for samanhengande permisjon frå undervisninga sett til to veker (ti skuledagar). Det finst ikkje ei slik grense i den nye lova, så dette må fastsetjast gjennom lokal forskrift. Administrasjon for oppvekst og kultur rår til at Fitjar kommune held fram med eksisterande praksis på dette feltet, altså at maksimal samanhengande permisjon framleis blir to veker.

Du kan sende innspel på e-post til fitjar@fitjar.kommune , eller brev til postboks 83, 5418 Fitjar. 

Frist for å komma med innspel er sett til 13.mai 2024.

Forskrift om permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring finn du her.