Utval for oppvekst og omsorg fatta i møte 17.04.24 vedtak om å legga “forskrift om skulereglar for grunnskulane i Fitjar” ut på høyring. 

Som kjent har Stortinget vedteke ny opplæringslov som skal ta til å gjelda frå 1. august 2024. Alle kommunar må innan denne datoen og ha oppdatert alle lokalt vedtekne forskrifter til opplæringslova. Skulereglar for grunnskulen i Fitjar er ei slik forskrift. Ved handsaming av forskrifter gjeld særskilte formkrav. Mellom anna er det krav om offentleg høyring.

 

Ny forskrift om skulereglar for grunnskulen i Fitjar må handsamast av kommunestyret i møtet 20. juni. For at vi skal nå denne fristen, blir framlegget til ny forskrift no sendt ut på høyring. Fristen for å senda inn høyringsfråsegn blir sett til måndag 13.mai 2024.

Nedst finn de framlegg til ny forskrift. 

Det er no kome inn eit krav i lovverket om at elevdemokratiet skal omtalast i ordensreglementet. Bakgrunnen for dette er at det no vil vera høve til å organisera elevdemokratiet på anna vis enn ved å ha eit tradisjonelt elevråd. I samråd med rektorane rår me til at me held fram med å ha eit elevråd ved alle skulane i Fitjar slik det er idag. 

Me har kontrollert dei gjeldande føresegnene om bruk av mobiltelefon opp mot tilrådingane som er publiserte frå statsråd Kari Nessa Nordtun i Kunnskapsdepartementet, og me har lagt til ein tydelegare forskrift om bruk av mobiltelefon og smartklokker i skulen. 

Du kan sende innspel på e-post til fitjar@fitjar.kommune , eller brev til postboks 83, 5418 Fitjar. 

Frist for å komma med innspel er sett til 13.mai 2024.

Forskrift om skulereglar for grunnskulane i Fitjar finn du her.