Utval for oppvekst og omsorg fatta i møte 17.04.2024 vedtak om å legge “Lokal forskrift om opplæringsspråk ved skulane” ut til høyring. 

Ny opplæringslov, LOV-2023-06-09-30; Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, tek til å gjelda 1. august 2024. Det går fram av § 15-2 i lova at kommunane skal fastsetja forskrift om kva for skriftspråk som skal vera hovudmålet for kvar einskild skule.
 

Fitjar kommune har nynorsk som offisielt skriftspråk (tidlegare kalla målform). Nynorsk har såleis vore det skriftlege opplæringsspråket i alle grunnskulane i kommunen. 

 

Sidan dette er ei lokal forskrift etter opplæringslova, må me følgja dei sakshandsamingsreglane som går fram av forvaltningslova med offentleg høyring. Den nye forskrifta må fastsetjast av Fitjar kommunestyre i møtet 20. juni 2024, slik at ho kan ta til å gjelda frå 1. august d.å.

Du kan sende innspel på e-post til fitjar@fitjar.kommune , eller brev til postboks 83, 5418 Fitjar. 

Frist for å komma med innspel er sett til 13.mai 2024.

"Lokal forskrift om opplæringsspråk ved skulane" finn du her.